Det skal leggjast fiberkabel frå Halsnøy til Børøy.|Gardstun på Bjergøy i Sjernarøyane. Heile sjernarøyane er foreslått innlemma i det nye KULA-registeret.,|Heile Sjernarøyane er foreslått tatt med i det nye KULA-registeret. Biletet viser Helgøysund mot Tjul og Kyrkjøy.|Oppdrett er peika ut som ei vekstnæring i Stavanger.

STAVANGER:

Det var Mdgs Thomas Bendixen som lag fram forslaget om at Riksantikvaren vurderer om også fisterøyane  skal inngå i det forerslåtte KULA-registeret då saka var oppe i utvalet for by og samfunnsplanlegging. Forslaget blei støtta av Ap, Høyre, Fnb, Mdg, Rødt og Venstre.,

KULA er forkorting for "Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse". Store deler av Rennesøy er foreslått tatt med i dette, pluss Sjernarøyane i Finnøy kommune. Frp foreslo at Stavanger skulle seie nei til forslaget, men dette fekk bare støtte frå eigne rekkjer.

Vedtaket betyr også at kommunedelsutvalet i Finnøy ikkje blir høyrd i saka. Der var stemninga at Sjernarøyane, minus alt vedtekne verneområde burde takast ut av planen.

Leiaren i kommunedelsutvalet, Birger W. Hetland, er skuffa over vedtaket.

-Her blir lokaldemokratiet sett til sides, det er trist. Kva skal me med kommunedelsutval når vedtaka der ikkje blir lytta til, skal me bare vera til pynt, seier Hetland til Øyposten.

Han fryktar at det vil bety kjelkar i vegen for nøringsutvikling i øyane viss KULA-registeret skal omfatta dei.

Han skjønar heller ikkje forslaget om å vurdera fisterøyane tatt med i registeret.

-Byre er til dømes ei øy full av hytter, mange av nyare dato. Kva interesse er det å ha dette med i registeret, seier Hetland, som også er redd for at det kan skapa vanskar for Øyfast.

Thomas Bendixen (mdg) seier forslaget om å ta med fisterøyane blei fremja etter forslag frå Naturvernforbundet.

-Me fekk eit veldig godt innspel derifrå, og syntes det var naturleg å ta det med. Men vedtaket er ikkje sterkare enn at me bed om at dette blir vurdert, seier Bendixen.

I fleirtalsvedtaket blir det bedt om at Riksantikvaren vurderer den nøyaktige avgrensinga for området på Rennesøy og Mastrafjorden, og at landbruket si bekymring knytta til registreret blir tatt på alvor.