Lars Jøran Flesjå, dagleg leiar i Finnøy Betong, kunne nøgd fylgja med på behandlinga i utvalet for by- og samfunnsutvikling torsdag.

STAVANGER: Det var ein letta dagleg leiar og hovedeigar Lars Jøran Flesjå som var til stades under den politiske behandlinga av reguleringsplanen for Finnøy Betong torsdag.,

Alle parti støtta innstillinga frå kommunedirektøren, som seier ja til planen slik han nå føreligg.

-Det var som å ta av seg ein tung ryggsekk, dette er forhåpentlegvis punktum for mange års usikkerhet. Vedtaket gir oss ein trygghet for framtida. Dette blir til det betre for alle, også naboane, seier Flesjå til Øyposten.

Planen skal endeleg behandlast i bystyret 16. november, men Høyres Jarl Endre Egeland er rimeleg trygg på at resultatet blir det same der.

-Eg torer vedda på at bystyret ser viktigheten av å ta vare på den største landbaserte arbeidsplassen i Finnøy, seier Egeland.

Under debatten understreka fleire at Finnøy Betong er ein viktig arbeidsplass som må få sikkerhet for framtida. Politikarane la også vekt på at det ikkje lenger er snakk om å dobla produksjonen, slik det har vore snakk om, og at konflikten med landbruket er redusert.

Men fleire understreka også at bedrifta ikkje ville fått ja til å etablera seg der ho ligg viss den hadde blitt starta opp i dag.