FINNØY: -Ja, det er korrekt at det per nå er skotne sju stk., bekreftar Kai Petter Flesjå som er leiar av det nyoppretta jaktvaldet. -Det står att fellingsløyver på to stk. kalvar og ein såkalla spissbukk, (liten hannhjort).,

-Har det håp om også å ta ut desse tre før jakta blir avslutta den 23. desember?,

-Det har me. Og eg veit at det er eit jaktlag som skal ut nå i helga for å jakte på dei siste tre. Men det er klart at med så lite dagslys og så korte dagar som nå, så blir det stadig meir utfordrande å jakta. Men kanskje kan det flotte været som me har nå, med måneskinn og lyse kveldar og netter å jakta i, gi oss ein ekstra mulegheit. Så- ja, eg har god tru på at me skal klara å fella dei siste tre også, avsluttar Flesjå.