Beata Piorkowska i frå Polen fortel om katolsk påskefeiring i heimlandet. Foto: Oddbjørg Måland

FINNØY:

Beata Piorkowska kom til Finnøy ifrå Polen for 10 år sidan, og er godt integrert i norske forhold. Men éin ting ho har bite seg spesielt godt merke i.,

- Påska er katolikkane si største og viktigaste høgtid, og vert feira deretter. Få tek markeringa meir på alvor enn oss. Overgangen ifrå døden til livet, som er sjølve essensen i påskebodskapen, er det me feirar, med mange forskjellige handlingar og tradisjonar, både kristne og ikkje-kristne. I motsetning til nordmenn som reiser på hytta eller går turar i skog og mark, er påska for katolikkane ei tid der familiane samlast, heime og i kyrkja. Polakkar har ingen tradisjon for å reisa til fjells i påska, smiler Beata.

Beata er gift med Robert som kom til Norge for 14 år sidan. Han jobbar på Finnøy Betong og saman har dei to kattar. Ho er utdanna helsefagarbeidar og stortrivst i jobben på sjukeheimen og i nabolaget på Finnøy. Men ho saknar familien i Polen, foreldra og søsken, spesielt no når påskehøgtida står for døra.

Uroa for heimlandet

Beata fortel at koronasituasjonen i Polen er svært alvorleg, og at ho er uroa over utviklinga. Landet er ferd med å stenga heilt ned.

Totalt er 2,15 millionar personar smitta der 1,7 millionar av desse er friskmelde. Mest 51 000 har døyd på grunn av viruset.

- Koronasituasjonen gjer at eg ikkje har sett familien på over eitt år, det kjenner eg litt på. I fjor påske tenkte eg aldri at det same kunne skje igjen, og no står heile verda i same greia. Eg saknar den påskepynta heimen eg vaks opp i. Mor si overdådige pynting er fantastisk, bandomsheimen min liknar meir på ein butikk. Sjølv er eg ikkje så oppteken av påskepynt, men eg likar å halda tradisjonen i hevd og må alltid ha påskeblomar og gule lys.

- Korleis feirar dykk påska i år?

- Det blir ikkje rare greiene, både på grunn av koronasituasjonen og fordi eg skal jobba fleire av påskedagane. Mannen min kjem til å reisa til Stavanger for å gå på messe i den katolske kyrkja, elles blir det svært roleg for vår del. Forresten, blir vêret bra, tek me ein tur på motorsykkelen. Robert er ganske så klar for å starta sesongen.

Sterke tradisjonar

- Fortel, kva er typiske katolske påsketradisjonar?

- Det er mange. I den katolske kyrkja er det stor bruk av symbol som kanskje er ekstra tydelege i påska. Kanskje mest kjent er tradisjonen med korgene som er fylte med forskjellig god mat, og som folk tek med seg til messe påskeaftan. Når presten har velsigna maten, kan påskefeiringa byrja. Dagen etter, 1. påskedag, samlast familien til felles frukost der den velsigna maten blir delt rundt bordet. Seinare på dagen er tradisjonen å eta suppe med egg. Dessutan kjenner sikkert mange til den gamle skikken med palmeblad. Å gå til messe palmesundag med eit fargerikt palmeblad i handa, symboliserer alt som er godt. Andre påskedag startar med ein litt spesiell skikk. Då står gutane tidleg opp for å overraska jentene ved å spruta vatn på dei, medan dei roper «smigus-dyngus». Dagen er kjent som våt-måndag, og er populær blant dei yngste. Ho held fram: Elles er påska mykje lik den norske. Me et lam, som i Norge, eggejakt, målar og dekorer egg, og ikkje mist er god mat ein stor del av feiringa, spesielt er det vanleg med marsipankake. Ein påsketradisjon som har mykje til felles med den norske julenissen, er påskeharen som gir sjokoladeegg til alle barn som har vore snille gjennom året, avsluttar Beata Piorkowska.