Båthavna på Nesheim som Rørheim har seld.|Båthavn Nesheim

SJERNARØY

: Båthavna  har tilhøyrt Rørheim Maskin, og blei laga i forbindelse med opparbeidinga av bustadfeltet Ørelunden i nabolaget.,

- For oss er det ikkje interessant å drifta båthavna. Me har andre ting å driva med, difor er eg godt nøgd med at me fekk selja henne, og at andre tek over, seier dagleg leiar i Rørheim Maskin, Alf Magnar Rørheim til Øyposten.

,-

Prisen og?

- Den kunne sjølvsagt vore høgare, men det er heilt ok. Eg trur og at kjøparane er nøgde, seier han.

Tore Kristensen frå Stavanger er ein av kjøparane. Han opplyser at det første som skal skje er montering av utriggarar i båthavna.

Båthavn Nesheim Foto: FOTO: Statens Kartverk

- Det vil til saman bli 25 plassar. Kvar eigar får to plassar, i tillegg er det tre gjesteplassar. Den enkelte disponerer plassane som han sjølv vil. Det er stor verdi for oss som har hytter og hus å ha tilgjengelege båtplassar, seier Kristensen, som anslår at det vil kosta rundt 500 – 600 000 kroner å gjkera havna heilt ferdig.

Båthavna er mura av stein, med store betongrøyr på innsida.

Dei som har kjøpt seg inn i båthavna er Bjørn Helge Havn, Even Nesheim, Helge Larsen, Lars Arnold Nesheim, Ragnar Nesheim, Rune Nedrebø, Svein Nesheim, Sven Jarl Søndervik, Therese Sæland Øvernes og Tore Kristensen.