Forslag om flytande badestove i båthavna i Vikevåg
Stavanger kommune skal vurdera om det skal leggjast til rette for ei flytande badestove i forbindelse med bubilcamp’en i båthavna i Vikevåg. Øyposten har lodda stemninga for prosjektet i havna.
RENNESØY: -Ideen er god, men dette er noko me må diskutera i styret i båtforeninga, seier leiar i Vikevåg båtforening, Asgaut Vindenes til Øyposten.,
Han trur ei flytande badestove kunne blitt eit trekkplaster for både båt- og bubilturistar om sommaren, og kanskje blitt populært også hos folk i bygda. Men han er usikker på kor ho i såfall skulle blitt plassert.
Han peikar både på den ytterste betongbrygga som ein mulighet, og også ein plass lenger inne i havna. Men ved betongbrygga er det ganske vêrhardt, spesielt om haust og vinter, så dette er ikkje nokon heilårsplass. Og den ledige plassen inne i båthavna kan kanskje vera litt i trangaste laget.
Det er også eit ledig område innanfor veteranskutene i Vikevåg, men det er igjen litt langt unna for bubilturistar.
Det var under behandlinga av reglementet for badestover, at politikarane spelte inn forslag om å sjå på om det er mulig for kommunen å leggja til rette for ei flytande badestove i Vikevåg i forbindelse med bubilcampingen.
-Det er for å gjera plassen endå meir attraktiv. Badestover er blitt veldig populært, og det er mange firma som driv badestover som sikkert kan vera aktuelle her. Kommunen si rolle må vera å føra fram til dømes straum og vatn, seier Rune Askeland (mdg), leiar av utvalet for miljø og utbygging.
I båthavna er stemninga positiv til forslaget.
-Det kan bli flott det, men det er nok ikkje for oss, seier Solveig og Kåre Sel til Øyposten. Dei har nettopp vore på sjøen i finvêret og prøvd fiskelukka, men utan å få napp.
-Det er ikkje fisk i sjøen lenger, seier Kåre Sel.
Sjølv om dei trur at ei flytande badestove kan slå an, meiner dei det heller burde vore bygd toaletter i tilknytning til båthavna.
-Det er viktigare, etter mi meining, seier Kåre Sel.
Bubilturistane Oddvar og Lilland Klokkhammer frå Farsund parkerte bubilen i i båthavna torsdag kveld, og nyt dei varmande solstrålene.
Men heller ikkje dei kjem til å bruka badestova, viss ho kjem, trur dei.
-Det er ikkje noko me etterspør, då er det viktigare med god skilting viss dei vil ha fleire bubilturistar her, seier Oddvar Klokkhammer.