FINNØY: I går, torsdag var det formell opning av ein ny og hypermoderne undervisningsflåte ved anlegget til Grieg Seafood ved Store Teistholmen.

Fylkesordførar Marianne Chesak og  to elevar frå Strand vgs kutta tauet og erklærte flåten for opna.

Inneheld alt

Flåten er 800 kvadratmeter stor på tre nivå, og inneheld klasserom, opphaldsrom, kjøkken, garderobar, veterinær-rom, fôringsanlegg og fleire lager. Anlegget er eit av få i Norge som er tilrettelagt for undervisning av elevar, og er i såleis unik. Elevane på naturbruk på Strand vgs, har undervisning på flåten kvar dag.

Til saman sju personar, fem tilsette og to lærlingar driftar anlegget til ei kvar tid.

- Dette er sjølvsagt ei stor investering, men det er samtidig ei investering i framtida. Bærekraftig produksjon er viktig for Grieg Seafood, og det finns utfordringar me må løysa. Utviklinga går fort, og me jobbar med nye løysingar heile tida. Vårt fokus er alltid på miljø og fiskevelferd. Strand vgs, naturbruk, er den viktigaste rekrutteringskanalen for vår næring. Difor ønskjer me å vera med å gjera den blå utdanninga mest mogleg relevant og berekraftig. Det skjer best ved å legga til rette for undervisning tett på næringa. Me vil gjerne ha dei beste elevane og då trur me at dette er vegen å gå, seier Nina Grieg, regionsdirektør i Grieg Seafood.

Best i landet

Talet på søkarar til naturbruk på Strand har skote i vêret dei siste åra. I 2012 då undervisninga flytta frå Rygjabø på Judaberg til Strand var det 12 søkarar til blå sektor. Ti år seinare er talet over 100. Etter opninga av Ryfast har skulen fått mange elevar frå Stavanger. Per i dag har 140 av totalt 650 elevar adresse i Stavanger. 16 av desse er frå Finnøy og to frå Rennesøy.

- At elevane får undervisninga av fagfolk direkte på arbeidsplassen, er gull verd. Dei får omsetta teoretisk kunnskap direkte til praktisk arbeid som er utruleg viktig for læring og motivasjon. Kvar dag har me to røktarar som tek med seg elevar ut på to oppdrettsanlegg. Det  gjer at dei får ein praktisk, attraktiv og framtidsretta kompetanse med seg vidare. Me har eit hårete mål om å bli den beste skulen i landet på havbruk. Og det er ikkje mindre aktuelt etter at me har fått denne fantastiske flåten til disposisjon, seier Camilla S. Vidnes, avdelingsleiar naturbruk.

Suksess for Strand vgs

Og det kan faktisk fylkesordførar Marianne Chesak allereie bekrefta. Ho presenterte ferske tal som viser at 93 prosent av elevane på naturbruk på Strand fullfører og består vidaregåande opplæring. I Rogaland ligg snittet på 82 prosent, medan landssnittet er 77 prosent.

- Utdanning er fylkeskommunen sitt viktigaste samfunnsoppdrag, difor er det utruleg kjekt å sjå det som skjer her. Gjennomføring av vidaregåande opplæring er svært viktig for å hindra utanforskap. Med desse fantastiske resultata er skulen eit prakteksempel i så måte. Å få opplæring mest lik det som skjer på arbeidsplassen gir best læringsutbyte. Dette er i tillegg eit godt døme på vellukka samarbeid mellom fylket og privat næring. Eg er svært glad for at Grieg Seafood har gjort dette mogleg. Fylket treng eit solid utstyrsløft, seier fylkesordføraren.

Anlegget til Grieg Seafood ved Teistholmen produserer 40 millionar laksemiddag per fiskegenerasjon, det vil sei 1 – 2 år. Eller sagt på ein annan måte:

  • 6000 tonn laks produsert på ein fiskegenerasjon (1-2 år). Til samanlikning produserte heile Rogaland fylke 5000 tonn sau i 2019.

  • 600 tonn silokapasitet til fôr som blir fylt kvar veke.

  • 7000 tonn fôr per generasjon

  • 1 400 000 laks ble sett ut i fjor og skal stå 12-18 månader i sjøen.

Desse tala har me fått frå Anders Eike, produksjonssjef sjø.

Prestisjeprosjekt

Det tok Scale Aquaculture AS i Haugesund 10 månadar å bygga flåten. Scale er landsleiande leverandør av teknologi og infrastruktur for land- og sjøbasert havbruk.

Prosjektleiar Bjørnar Ellefsen seier undervisningflåten er eit prestisjeprosjekt, og unik varemerkebygging for verksemda.

- Med denne flåten er me med på å utvikla norsk lakseproduksjon, samtidig som me når ut til noverande og framtidige aktørar i bransjen. Flåten er bygd i betong og dimensjonert for eit langt liv, rundt 50 år. I dette klasserommet og med dei moglegheitene som ligg i anlegget, skal mange kloke hovud og morgondagens leiarar skapast her. Skal Norge nå FN sine berekraftsmål, må me tenka kvalitet og langsiktig. Å produsera berekraftig laks er eit av tiltaka som gjer det mogleg å nå desse måla, avsluttar Ellefsen.