Tone Samuelsen (nærast) strikkar på eit teppe til eit barnebarn. Anne Skogen (t.v.), Margot Hatleskog og Gerd Samulesen er også "drevne" med strikkepinnane.||Olaug Theodora Hansen og Grethe Hiim er engasjerte "spøtarar".|Kjellaug Røiseland og Ragnhild Rødne i god gang med kvar sitt strikketøy.|-Me strikkar viss me har "ånda", seier EWbba Marie Breivik.|

SJERNARØY: Strikking er «in» i tida, som så mykje anna «heimeavla», men kvinnene på Sjernarøy var forut for si tid. Alt i 2005 begynte dei med «strikkekafe» i eldresenteret på Aubø, og har sidan halde det med ei samling i månaden. Initiativet er det «Saniteten» om tok.,

Her spelar alder ingen rolle. Olaug Theodora Hansen i god gang med spøtet. Grethe Hiim ved sida av er også ivrig. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

I tillegg er det håndarbeidskafe og drøsekveld for menn. også det ein gong i månaden. Arrangør er Sjernarøy husflidslag.

Denne tysdagen står lappar, kake og kaffi på menyen.

-Det er både sosialt, kjekt og nyttig, meiner kvinnene som har samla seg i sofagruppene på eldresenteret. Denne kvelden er dei ni, men talet på deltakarar varierer, kanskje er det så få som fem, men det har også vore opptil 20.

-Me strikkar viss me har "ånda", seier Ebba Marie Breivik. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Her kjem vel alt nytt som har skjedd sidan sist på bordet?

-Ja, me får vita alt, smiler gjengen til klirringa frå strikkepinnane.

Strikketøyet består av alt mulig, frå sokkar til gryteklutar og klær til barnebarn.

-Det hender ogå at me ikkje har «ånden» til å spøta, og bare treffest for å snakka, seier Ebba Marie Breivik.

Kjellaug Røiseland og Ragnhild Rødne i god gang med kvar sitt strikketøy. Foto: FOTO: Rune Nedrebø