-Forferdelege prisar, synes Morten Olsen.|Prisrekord på Judaberg 26,15 kroner per liter diesel.

FINNØY: -Me har aldri opplevd maken. Då prisen passerte 20 kroner sist veke var det ei stor greie, nå trudde me at grensa gjekk med 25 kroner. Men det stemde altså ikkje, seier Coop-sjefen Sven Inge Goa på Finnøy til Øyposten.,

-Me har fått prisoppdateringar på drivstoff kvar dag denne veka, det er uvanleg. Det er situasjonen ute som er årsaken, dette har me ingen styring på,  seier Goa.

-Kjem prisane til å fortsetja oppover?

-Den som visste, det trur eg ingen veit. Kjør med tålmod, må vera oppfordringa nå, seier Coop-sjefen.

Prisrekord på Judaberg 26,15 kroner per liter diesel. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Morten Olsen frå Stavanger luftar bubilen sin til Judaberg, og fylte opp tanken med diesel i Stavanger i går. Då kosta det rundt 22 kroner, og full tank på 80 liter kom på 1760 kroner.

-Det er ein forferdeleg pris, seier Olsen, som trur han ventar med å tanka til han kjem, til byen i håp om å finna billegare diesel der.