Transportøren på Mosterøy har store utgifter til drivstoff. (Arkivfoto)

MOSTERØY: -Det er heilt klart ein utgiftsauke som me ikkje klarer årleine, Me jobbar difor saman med kundane våre for å finna løysingar. Me må ha betre betalt skal dette gå rundt, seier dagleg leiar i Rennesøy Trafikk, Egil Torgersen til Øyposten.,

Han legg til at det er stor forståelse for situasjonen.

-Til sjuande og sist er dette utgifter som forbrukarane må betala, viss ikkje mnyndigfhetene trør til. Det kan dei gjera utan at det går ut over skatteinntektene i det heile med dei enorme ekstrainntektene staten har for tida på dei høge oljeprisane, meiner Torgersen, som trur at hjelp frå staten vil bli løysinga til slutt.

Rennesøy Trafikk har 85 sjåførar på lønningslista, og er ein betydeleg aktør i transportbransjen i Rogaland. På årsbasis kjøper transportselskapet på Mosterøy rundt ein million liter diesel i året for å halda bussar og vogntog i drift.