Lenger å vente på båtplass på Judaberg, ledig på Rennesøy

I dei fleste større havnene Rennesøy går det an å få plass på dagen dersom du ikkje har altfor stor båt. Men ikkje på Judaberg.

  • Oddbjørg Måland
Publisert:
Her går det i alle fall an å skaffa seg båtplass.

FINNØY-RENNESØY

: Ved Judabeg Båthavn står 30 personar på venteliste. Det er 10 fleire enn på same tid i fjor.,

- Det er enorm stor mangel på båtplassar på Judaberg. Problemet er at me får ikkje utvida båthavna på grunn av mangel på parkeringsplassar for bilar. Det er nemleg slik at kvar båtplass skal ha tre parkeringsplassar, og det er det ikkje plass per i dag, seier Thor Espeland, leiaren i båtforeningen.

Tidlager var båtplassane på Judaberg forbeholdt innbyggarane i gamle Finnøy kommune, men slik er det ikkje lenger. No kan alle som vil søka om å kjøpa båtplass, noko som har auka etterspurnaden.

- Det er slik at jo større hyttutbygginga innover på øyane er, jo større blir presset på båtplass, seier Espeland. Også pandemien sette fart i interessa for båtlivet. I løpet av våren vil fire søkarar få tilbod om båtplass på Judaberg.

I Rennesøy derimot ,er situasjonen annleis. Her kan du få båtplass på dagen, i alle fall om du har ein mindre båt.

Gangenes båthavn på Rennesøy. Her er det mulig å få båtplass på dagen.

- Me har ledige plassar for mindre båtar frå seks til 12 meter. I havna er det rundt 200 båtar no, men me er heldige og kan utvida etter behov, heilt opp til 500 båtar, fortel Joar Gangenes i Rennesøy Marina på Østhusvik.

Koronapandemien slo sterkt ut på etterspurnaden i fjor då me snakka med båtfolket. Over heile landet skapte pandemien generelt lange ventelister på båtplass, men i Rennesøy var det ledige plassar å få, og slik er det i år også.

- Trenden er at dei fleste vil leiga båtplass år etter år, heller enn å kjøpa. Eg veit ikkje kvifor det er slik.

Ved Åmøy Havn opplever dagleg leiar, Dagfinn Thorsen at etterspørselen er større enn på lenge, men at dei framleis har ledige plassar, for små båtar.

- Dei største båtane er det vanskelegast å få plass til hjå oss. Men me kan greia skaffa nokre få plassar til mindre båtar opp til 33 fot. Det har ikkje vore fleire førespurnadar etter båtplass i år, men det er fleire som slår til når dei har fått tilbod.

- Kor mykje kostar ein båtplass av den storleiken som er tilgjengeleg?

- Prisane varierer naturlegvis med storleiken på båt og utriggar, men dei minste plassane kostar 2000 koner per månad. På havna her er det ingen dugnad, i motsetning til fleire andre stader. I tillegg har me oppsyn med båtane som ligg her, opplyser Thorsen.

Åmøy Havn har plass til 150 båtar totalt.