Interiør frå nybygget til Finnøy sjukeheim.

FINNØY:

Nybygget, med ein prislapp på 260 millionar kroner, skal smykkast ut med kunstverk. Det er vurdert å setja av pengar til dette alt i år, men etter ei nærmare vurdering er investeringa utsett til neste år. Byggearbeidet på nybygget begynner heller ikkje før i mai. Kommunen har sett av sju millionar kroner til kunst i offentlege rom i 2022, og Finnøy er ikkje med på budsjettet i år.,

Elles har kommunen registrert 1200 flyttbare kunstverk, men då er ikkje kunstverk i Finnøy og Rennesøy rekna med.Det føregår nå ei nyregistrering av alle kunstverk som kommunen eig.