-Ho har vore til stor hjelp, seier Torgeir Vareberg om sambuaren Lisa.|God stemning i byssa hos Torgeir Vareberg. Til venstre Jakob Landa og Bent Arild Reilstad i midten, begge frå Finnøy.|I 2023 er det 40 år sidan Torgeir Vareberg starta opp rederiet på Åmøy.

VESTRE-ÅMØY: I fjor sommar kom den ubehagelege telefonen frå sjukehuset. 65-åringen frå Vestre Åmøy hadde fått konstatert ein alvorleg kreftsjukdom. Viss ikkje noko blei gjort, ga ikkje legane han mange månader igjen å leva.,

Det betydde at han måtte sleppa rattet, bokstavleg talt, i virksomheten som omfattar ei ferje, ein slepebåt, to lektarar og fem tilsette. Båtane til selskapet «Skyssbåtservice» er eit kjent syn. Mest i Ryfylke, sjølvsagt, men også elles langs kysten.

God stemning i byssa hos Torgeir Vareberg. Til venstre Jakob Landa og Bent Arild Reilstad i midten, begge frå Finnøy.

At noko feilte han klarte Vareberg i det lengste å skjula for dei tilsette. Hyppige reiser til sjukehuset i byen for å ta prøvar blei forklart med at han skulle handla møblar saman med kona, for han ville ikkje uroa dei unødig.

-Treng ho så mange turar for å bestemma seg, blei det lurt på.

Tok styringa

Men til slutt måtte han koma med sannhenten. Han hadde fått konstatert galloperande leukemi, ein farleg krefttype som resulterte i cellegift og fleire veker med opphald på sjukehuset.

-Det er ikkje vondt å døy, så langt nede var eg, seier Torgeir Vareberg til Øyposten.

Då trødde sambuaren til. Saman med mannskapet sørga ho for at drifta av rederiet heldt fram, og oppdraga blei utført mens han var nede for teljing.

-Ho var til uvurderleg hjelp for meg, ho ordna opp i drifta og besøkte meg på sjukehuset. Ho var heilt fantastisk, seier Vareberg om sambuaren Lisa Vareberg.

Dei to traff kvarandre på nettet, på Match.no, og sjølv om dei ikkje er gifte, har ho teke etternamnet hans.

-Ekteskap er første skritt mot skilsmisse, seier åmøybuen lunt.

Nå ventar han på å få skifta blod og blodplater, så har legane sagt at han skal bli bra igjen.

-Eg er optimist, det har eg alltid vore, seier Torgeir Vareberg.

Jubilerer neste år

Neste år kan selskapet «Skyssbåtservice» med base på Åmøy feira 40-års jubileum. Det gir arbeid til tre finnøybuar og tre rennesøybuar, medrekna han sjølv. Det er  Bent Arild Reilstad, Jakob Landa og Christer Falkeid frå Finnøy og Roger Lindanger og Svein Hebnes frå kommunedelen Rennesøy, som det nå få sint heiter.

I 2023 er det 40 år sidan Torgeir Vareberg starta opp rederiet på Åmøy. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Sjølv begynte Torgeir Vareberg karrieren på sjøen hos Båtsmann Haaland i Stavanger.  Men i 1983 begynte han for seg sjølv. Han overtok jobben som vaktmann i Forsvaret på Åmøy og investerte i ein skyssbåt i tillegg.

Det blei starten på det som i dag er ein omfattande virksomhet med frakt av stort og smått.

-I begynnelsen frakta eg alt frå idrettslag og husmorvikarar til prest og dyrlækjar. Ei jul det var skikkeleg ruskevêr skulle eg frakta presten Harald Grønning og far hans frå Vikevåg til gudsteneste i Utstein Kloster. -Det er godt me har presten med, sa eg. -Eg stolar ikkje på han, sa far til presten, humrar Vareberg.

På det meste, under bygginga av Rennfast, hadde han ikkje m indre enn fem skyssbåtar i sving. Men då fann han ut at han heller ville satsa på frakt av gods til sjøs, og designa mellom anna den første katamaren i Ryfylke. Den er fortsatt i drift, men er seld til England.

I all slags vêr

Opp gjennom åra har rederiet på Åmøy trødd til i alle mulige og umulige oppdrag.

-Dei ringjer til oss alt som er vondt og vanskeleg, seier Vareberg. Er det ei last som er for tung til å fraktast på landevegen, eller skal til ein plass som ligg for avsides til, så tar skuybbåtservic’en oppådraget.  Ferjene og lektrane har vore med på bygging av bruer, tunnelar, kraftstasjonar og kraftlinjer. Dset har frakta betongbilar til dei mest utrulege pålassar, for eksempel til det knøttet av ein holme som, heiter Natvigs Minde, midt i Stavanger.

Dei har gått seint og tidleg i all slags vêr. Ferjer har måtta innstilla, men Skyssbåtservice har gått.

-Det har vore ein spennande og utfordrande jobb, og veldig mange kjekke folk, slår Torgeir Vareberg fast, som blei så beistra for boka om den franske heltinna Jeanne d’Arch,  som han las som ungdom, at han har oppkalla heile flåten sin etter henne.