Finnøy fotballlag tek i bruk videoanalyse

Med eit splitter nytt videokamera kan Finnøy sine fotballkampane filmast og analyserast.

Filming av fotballkampar er eit nyttig verktøy for trenarar og spelarar. Foto: Skjermdump frå FIL si nettside.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

- Kameraet er eit viktig verktøy for spelarar og trenarar. Det gir ein individuell vurdering av det spelarane presterer på banen, og er såleis ein ny måte å læra på, seier dagleg leiar i Finnøy Idrettslag, Erik Torger Flesjå-Johansen.,

Kameraet er heilt nytt og blei installert på Leikvoll sist veke. Målet er at alle A-lags kampane, samt nokon av dei aldersbestemte kampane, skal filmast. Til saman 10 lag i klubben.

Effektiv læring

Går du inn på idrettslaget si heimeside kan du sjå Finnøy Gutar-13 sin bortekamp mot Jarl som blei spela sist veke. Per i dag, måndag 7.februar er kampen sett 50 gonger.

- Det er mykje god læring i å seg sjølv spela, og for mange er det ein  ny erfaring. Det er lettare å legga merke til ting ein ikkje har sett før. Mange har ei anna verkelegheitsoppleving enn det som faktisk er tilfellet, på godt og vondt. Difor er det utruleg effektivt å få sjå med eigne augne korleis det faktisk ligg an. Me har god tru på at med visuell læring kan mange bli betre fotballspelarar, fortel Flesjå-Johansen.

Utstyret kostar 10 000 kroner er sponsa av Lauvsnes gartneri. I tillegg kjem dei årleg abonnementsavgift på rundt 8 – 10 000 kroner.

Publisert: