– Klokka 01.40 natt til søndag fekk me melding om ein festdeltakar i Vikevåg som laga bråk, fortel politikontakt Svend Erik Ellingsen:

– Politiet reiste ut. Den aktuelle personen, ein mann i 20-åra frå Stavanger, blei bortvist frå Rennesøy til klokka 08.00.

Politiet har elles dette å melde om frå øyane gjennom helga:

Fredag ettermiddag blei ein bil påkøyrd i samband med ferjefarten frå Arsvågen til Mortavika på Rennesøy.

– Den andre bilen køyrde berre vidare. Politiet fekk signalement og fekk stoppa den, fortel Ellingsen:

– Bakgrunnen for at den andre bilen berre hadde køyrd, var språkproblem, så me ga ingen reaksjon. Dei to bileigarane fekk utveksla personalia for skademelding.

Laurdag kveld fekk politiet melding om brann i eit køyretøy i Østhusvikveien.

– Det viste seg å vere ein gassbrennar baki ein varebil som hadde begynt å brenne. Bileigaren hadde fått slokna brannen sjølv utan at det var store materielle skader, seier Ellingsen.