Nå kan alle barn symja gratis i symjehallane
Alle barn mellom 4 og 16 år kan heretter symja gratis i dei kommunale symjehallane.
STAVANGER: Politikarane i Stavanger har vedteke å utvida ordninga med gratis adgang til symjehallane. Nå kan alle barn mellom fire og 16 år bruka symjebassa utan å betale for det.
Gratis inngang for barn og ein vaksen
Tilbudet gir gratis inngang for eit barn, og ein vaksen som fylgjer barnet, når dei kommunale sym jehallane er åpne for publikum.
Du kan symja gratis i desse hallane:
- Rennesøyhallen
- Finnøy svømmebasseng
- Kvernevik svømmehall
- Tastahallen
- Hundvåg svømmehall
- Hetlandshallen
Ordninga trer i kraft umiddelbart, og skal gje barna mulighet til å bli flinkare til å symja og gjera dei trygge i vatnet tidleg.
- Tilbakemeldingane me har fått viser at både foreldre og barn er svært nøgde med tilbudet, og difor utvidar me tilbudet ytterlegare, seier Morten Husebø som er ansvarleg for symjehallane i kommunen.
Utvidar sesongen
Dessutan blir sesongen i dei kommunale symjehallane forlenga med sju veker.
Symjehallane har tidlegare stengt i midten av mai, og åpna igjen i starten av september. Grunnen til dette har vore at hallane har vore lite besøkt i sommarmånadane. Men, på grunn av etterspørsel frå publikum er det nå blitt vedteke at symjehallane skal fylgja skuleruta. Det betyr at hallane vil vera åpne i fem veker før, og to ekstra veker etter at skulane tek sommarferie.
- Me håpar at symjehallane blir mykje brukt i dei vekene me nå forlengar sesongen, seier Husebø.