Snart kan du bu heime og ta bachelorgrad i havbruk

I fjor starta Ryfylke utdanningssenter opp med såkalla distriktsvennleg sjukepleiarutdanning. Snart kan du også få ein universitetsgrad i havbruk.

Einar Schibevag i RyfylkeIKS er ein av initiativtakarane til den nye høgskuleutdanninga i Ryfylke.
Publisert: Publisert:

RYFYLKE: Ryfylke utdanningssenter og havbruksutdanning har tildelt fem millionar kroner, frå Ulla-Førre-fondet. Prosjektet skal etablera eit utdanningssenter for høgare utdanning i Ryfylke, og som ein del av dette tilbodet oppretta ein bachelorgrad i havbruk.

Distriktsvenleg

I fjor haust starta Høgskulen på Vestlandet i samarbeid med MOR-prosjektet i Ryfylke opp eit fleksibelt og desentralisert høgskuletilbod på 60 studiepoeng, kalla Havruk – Den blå åker. Studiet er fordelt på fire emne der kvart emne gir 15 studiepoeng. Til saman ei årseining. Denne årseininga ligg i botn av bachelorgraden og utgjer fyrste år av utdanninga.

– Kven kan søka studieplass?

– Målgruppa for studiet er i første rekke personar knytt til havbruksnæringa, men andre kan og søka. Elevar som kjem rett frå vidaregåande kan bruka studiet til å bygga vidare med sikte på ein bachelorgrad, seier Einar Schibevaag i Ryfylke IKS.

Innhaldet i studiet er praktisk retta og utvikla i dialog mellom næringa sjølv, MOR-prosjektet og Høgskulen på Vestlandet. Tre aktørar frå næringa, Sterling White Halibut, Grieg Seafood Rogaland og Bremnes Seashore, er med i eit partnarskap for å sikra relevans og praktisk retting.

Erfaring tel med

Opptakskravet til studiet er at du har fullført og bestått 3-årig vidaregåande skule. Det gir generell studiekompetanse. Du kan og ha fullført og bestått yrkesfagleg opplæring med såkalla påbygg som inneheld studiekompetansefaga.

Dei som ikkje har studiekompetanse kan få vurdert erfaringa si frå lønna -og ulønt arbeid. Slik yrkespraksis kan vega opp for kravet om generell studiekompetanse og må dokumenterast av arbeidsgjevar.

Frå i haust blei det starta opp eit tilsvarande tilbod, eit desentralisert heiltidsstudium i sjukepleie. Studiet er tilrettelagt for studentar som ikkje kan møta dagleg på UiS blant anna på grunn av bustad.