Har gjort om hagen til fotballbinge for heile øya

Tysdag 16. mai åpna Byklebingen i Byklevegen på Halsnøy.

Matheo Eike klypte snora under ballbingeåpninga.
Publisert:

– Familien Eike har laga ein flott ballbinge med kunstgras og netting rundt, midt i hagen sin, fortel Ragnhild Hartvedt.

Tysdag 16. mai inviterte Eike små og store til åpning av det dei har kalla Byklebingen.

– Me var samla i underkant av 50 stykker. Matheo Eike stod for velkomsttalen og snorklipping, og det blei servert spesialbestilt kake og brus og godteri, seier Hartvedt.

I tillegg til fotball var det kake og kos.

Etter mat var det klart for fotballkamp med dei voksne mot borna.

– Engasjementet var stort og fottøyet variert; alt frå vernesko, fotballsko, joggesko, crocs og sokkar, fortel Hartvedt:

– Alt i alt ei flott åpning. Takk til Karina og Anders Eike og ungane som inviterte til åpning og som stiller hagen sin til disposisjon for alle fotballglade.

Ballbingen på Halsnøy er godt sikra med nett så ikkje ballane fyk til havs.

Kart som viser Byklevegen på Halsnøy: