I over eitt år har det vore omfattande graving, omkøyring, støy og stengde vegar i sentrum av Judaberg, men nå nærmar arbeidet seg slutten.

Solid oppgradering

Det gamle vatn- og avløpsnettet frå 70-talet er kraftig oppdimensjonert og forbetra.

– Alt overvatnet som enda opp på Judaberg gjorde det nødvendig å skifta til større røyr. I tillegg kom utbygginga av sjukeheimen, så det var heilt nødvendig å oppgradera anlegget, fortel Kåre Husebø i avdeling vann og avløp i kommunen.

Men arbeidet har ikkje berre vore beint fram.

– Nei, me fekk oss ein del overraskingar undervegs. Høgspentleidningar og diverse røyr i bakken kom overraskande på oss. Me visste ikkje om desse utfordringane før gravearbeidet hadde begynt. Det baud sjølvsagt på ulike utfordringar og forsinka arbeidet.

Per Kristian Lindanger. Foto: Oddbjørg Måland

I desse dagar er arbeidet i ferd med å settast tilbake slik det var før arbeidet starta i mai i fjor.

– Det står att litt finpussing, blant anna oppmerking på parkeringsplassen framføre sjukeheimen. Målet er at arbeidet skal ferdigstillast før fellesferien, seier Anders Halsne Bø i Rørheim Maskin.