Pensjonistane sørga for tidenes julehandel på Coop’en
Aldri før har det vore så mange pensjonistar på julehandel samtidig som på handelslaget i går, då Coop’en laga til ein eigen handledag for eldre.
- Oddbjørg Måland
FINNØY: Mellom 200 og 250 pensjonistar gjorde unna årets julehandel på sin eigen dedikerte handledag på Judaberg i går. På eit tidspunkt var det ikkje ein einaste ledig parkeringsplass utanfor butikken å oppdriva.
Mykje å spara
Tida frå klokka 11.00 til 14.00 var øyremerka pensjonisthandel, men alt klokka 09.45 var dei første på plass i butikken. Sidan gjekk det slag i slag i fleire timar. Det «kokte» både inni og utanfor butikken.
Butikksjef Anne Lise Sherling hadde full hyre med å servera marsipankake og kaffi til strålande nøgde pensjonistar som kosa seg med julehandelen. I tillegg fekke dei 10 prosent rabatt på handelen.
– Ein skulle mest tru det ikkje er råd å få handla meir, smiler Olav Alstveit og kikkar ned på ei topptrimma handlevogn.
Synnøver Rørheim står og med full handlevogn framføre seg. I den eine handa har ho kaffi, i den andre kassalappen.
– 300 kroner i rabatt, det er bra det, smiler ho.
Apropos handlevogner. Då det sto på som verst, var alle handlevognene i bruk samtidig.
– Ja, me måtte ned på ferjekaia og henta vognene i skuret. Og då heller ikkje det var nok, fann me fram dei gamle frå lageret, seier dagleg leiar i Coop’en Per Ove Rosland.
På det meste var alle tre kassane i bruk og køen sto framleis forbi sjokoladehyllene.
Blir juletradisjon
– Det ante meg det ville bli mykje folk då dei første kom vel ein time før tida. Dette er heilt vanvitig. Eg kunne aldri førestilt meg at det skulle bli ein slik suksess. Eg har ikkje fleire superlativ igjen, seier Rosland, som har gått på seg vondt i ryggen.
-Men det gjer ingenting, eg kjenner ikkje smerte, berre glede, understrekar han.
Tradisjonen med pensjonisthandel tek Rosland med seg frå sin tidlegare arbeidsplass, Coop på Klepp.
– Pensjonisthandel er ein populær aktivitet som eg hadde lyst å føra vidare i Finnøy. Men dette er 10 gonger Klepp, minst. Pensjonistane er ei trufast kundegruppe som fortener litt ekstra oppmerksomhet. Håpet var at me skal klara gjera pensjonisthandel til ein årviss tradisjon. Nå er eg heilt sikker på at det går an. Pensjonisthandel på Judaberg skal bli ein årviss tradisjon frå i dag av, lovar Rosland.
Tor Øystein Nærland har funne seg vel til rette med marsipankake og kaffi.
– For mange år sidan arrangerte butikken i Steinnesvåg eit liknande juleopplegg, med kaffi og kake og trekkspelmusikk, seier han.
Kanskje er det ein idé Rosland kan tenka på til neste år?