Det dreg seg mot vinter. Onsdag kveld var det snø i lufta på Judaberg, og torsdag morgon lyste det kvitt på toppane på Fogn, Halsnøy og vidare bortetter.

Resten av dagen skal det halde seg rett over null grader med fare for litt sludd eller regn, ifølge Meteorologisk institutt.

Fredag og laurdag skal det bli fint vær og opphaldsvær med fare for frost om natta. Søndag skal det bli mildare att.

Værvarsel for Judaberg dei neste dagane. Foto: Yr.no