OMBO: Det er andre gong ein hjort er blitt skadeskoten, utan at det er blitt meldt ifrå om hendinga. Også i fjor var det ein hjort som kreperte, etter å ha blitt skadd under jakta.

-Det er slik som ikkje skal skje, er dei to erfarne jegrane Jarleiv Langvik og Tor-Bjørn Sinnes enige om.

-Hadde det blitt meldt frå, ville det ikkje vore noko problem å spora opp dyret og avliva det, legg dei til.

-Det burde vore tilkalla søk etter hjorten, er dei enige om, Stian Philip Andersen frå Statens Naturoppsyn, Jarleiv Langvik, Tor-Bjørn Sinnes i Ombo Jaktlag og Odd-Terje Kyle. Foto: Rune Nedrebø

Prøvde å krypa under

Statens Naturoppsyn var mandag inne på øya for å undersøka dyret. Seniorrådgjevar Stian Philip Andersen anslår at dyret har vorde dødt i to-tre dagar før det blei funne.

Jarleiv Langvik påpeikar at dyret blei funne under det meterhøge grensegjerdet mellom dei to eigedommane.

-Vanlegvis pleier hjorten å hoppa elegant over gjerder. Men her har ho prøvd å smyga under, seier Langvik.

Skotet traff i vomma, og har utgangsår på andre sida.

-Det rette er å skyta dyra i hjerte- lungeregionen, i framparten på dyret, seier Andersen.

Han synes det er uheldig at det ikkje blei meldt frå om skadeskytinga.

-Viss det blir tilkalla hjelp ville alt vore i orden. Slik det er nå vil forholdet truleg bli anmeldt til politiet av Stavanger kommune, opplyser Andersen.

Skotet traff i vomma. Foto: Rune Nedrebø

Ein telefon ville vore nok

Han legg til at det er godkjent søkehund på Ombo som kunne vore tilkalla. Alle jegrar som jaktar skal vera tilknytta eit ettersøkingslag. På Ombo kostar det 250 kroner.

-Ein telefon ville vore nok, seier Andersen.

Dyret som Jarleiv Langvik fann før jul i fjor, var truffe akkurat på same måten. Også det var ei hind.

-Eg fann det litt før jul, men det rare var at då våren kom var det ikkje eit bein igjen etter det. Alt var borte, seier han, og tippar det kan ha blitt mat for rev eller rovfuglar.

Dårleg rykte

Viltansvarleg i Stavanger kommune, Vegard Ankarstrand presiserer at skadeskyting er noko som kan skje.

-Alle kan vera uheldig å skadeskyta, men då skal det gjennomførast godkjent ettersøk. Bare kommunen har lov til å friskmelda skadeskotne dyr, og på Ombo er det tilgang til godkjend hund.

Dei fleste jegrane fylgjer reglane til punkt og prikjke, men slike eksempler som dette er uakseptable for dyrevelferden, og gir jegrane eit dårleg rykte, seier Ankarstrand.

Lenke til kontaktinfo for Statens Naturoppsyn (SNO) Stavanger:

https://www.miljodirektoratet.no/om-oss/miljodirektoratets-organisasjon/statens-naturoppsyn/lokalkontor/regioner/rogaland/stavanger/

Politiet kan også kontaktast direkte, eventuelt viltansvarleg Vegard Ankarstrand i Stavanger kommune.

Hjorten hadde prøvd å krypa under gjerdet. Foto: Rune Nedrebø