-Eit løftebrot, meiner Tor Bernhard Harestad om Vikevåg-planane

Tor Bernhard Harestad (frp) meiner forslaget frå fleirtalspartia om utbygging i Vikevåg er eit klart løftebrot i forhold til kva Rennesøy blei lova då kommunen gjekk inn i Stavanger.

Tor B. Harestad
Publisert: Publisert:

RENNESØY: -Dette er eit forsøk på å snika seg unna det som står i intensjonsavtalen, meiner Harestad.

-Der blei me lova eit større nybygg på kaien, ikkje eit lite minibygg, som det nå er snakk om, seier Frp-politikaren.

Han varslar at han kjem til å stå på for at det skal bli bygd det som blei lova.

-Eg ser også at dei vil begynna med meieriet først. For meg høyres det ut som om dei vil utsetja nytbygget på ubestemt tid. Me er ikkje dumme her inne, me ser kva dei held på med, held Harestad fram, og legg til at han håpar at det blir ei regimeskifte i Stavanger-politikken etter neste valg.

-Det har ikkje skjedd noko i Vikevåg på fire år, dei er heilt handlingslamma, meiner Tor Bernhard Harestad.