Heim for ein 50 lapp til Finnøy og Rennesøy begynner natt til søndag

«Heim for ein 50-lapp» startar oppigjen både for Finnøy og Rennesøy natt til søndag. Det blir Rock Taxi som køyrer, og til Finnøy blir det nå minibuss med plass til 16 passasjerar.

Leif Kåre Larsen i Rock Taxi har fått oppdraget med å frakta ungdommane trygt heim til Finnøy og Rennesøy.
Publisert: Publisert:

FINNØY: Det blir avgang frå Stavanger klokka 02.00 natt til Palmesøndag, oig avgangen skjer frå taxihaldeplassen i Kongsgata, mellom Domkirkeplassen og Klubbgata.

Opplegget blir som før, bare at det i staden for maxitaxi med plass til åtte passasjerar blir sett inn ein minibuss med plass til 16 passasjerar.

Prisen er 50 kroner for ungdom mellom 18 og 24 år, men vaksne kan også bli med viss det er plass mot å betala 100 kroner heim til Finnøy.

Ikkje utsleppsfritt, like vel

Hjem for en 50-lapp» til Finnøy starter opp igjen natt til søndag den 02. april. Tjenesten skal etter plan vare ut 2023.

-Dessverre fekk me ikkje til utslippsfrie bilar, det blir vanlege dieselbilar, seier Imme Dirks Eskeland i Klima- og miljøavdeling i Stavanger kommune.

Også rennesøyungdom kan reise heim for ein 50-lapp frå natt til søndag. Avgang i sentrum er som før, klokka 02.00 frå taxiholdeplassen i Kongsgata, mellom Domkirkeplassen og Klubbgata. Ungdom mellom 18 og 24 år betalar 50 kroner for taxituren. Ein maxitaxi vil køyra til Austre Åmøy, og ein maxitaxi køyrer til Mosterøy, Fjøløy og Sørbø.

Også her kan vaksne vera med viss det er plass, mot å betala 100 kroner.

-Heim for ein 50-lapp er ein fin og trygg måte å koma seg heim på for ungdom både på Finnøy og Rennesøy, sier Imme Dirks Eskeland.

Kan bli avvikla i Rennesøy

-Bruken av tenesta var noko laber i fjor haust. Tilbakemeldingar me fekk var at dersom Finnøy-ungdommen skal ut, så er dei mange. Og då har ein maxitaxi vore for liten. Difor set me nå inn ein minibuss for å testa om det blir meir populært.. Hvis det ikkje blir tilfelle, må me sjå på endringar som å ta i bruk ein maxitaxi igjen, legg ho til.

I Rennesøy var bruken veldig laber i fjor haust. Nå skal kommunen sjå på bruken i åtte veker fram mot sommaren, og eventuelt justere opplegget. Men viss tenesta ikkje blir brukt, kan det i verste fall enda med at tilbudet blir lagt ned, opplyser Imme Dirks Eskeland.