RENNESØY: -Det er ikkje bare enkelt å koma seg til Finnøy, sukkar Maren Bø.

Ho er frilansar for Øyposten, frå «Misjonsveien på Rennesøy» og bestemte seg for å pirka litt borti det betente forholdet mellom Finnøy og Rennesøy.

Difor tok ho med seg ei veninne og sette kursen mot Finnøy, gjennom Finnfast, for å fornemma litt av stemninga på øya. Men akk, som så mange andre gløymde ho seg ut, fotoboksen blinka og det blei 3000 kroner i bot for å ha køyrt i 68 kmt i 60-sona.

-Det var frykteleg ergeleg, heile honoraret mitt rauk. Men både far min og mor mi har også blitt tekne i den same fotoboksen, betrur ho oss.

Me prøver å trøysta henne med at også redaktøren i Øyposten er blitt fotografert der, fekk 12.000 i bot, mista lappen i fem månader og måtte ha privatsjåfør. Det straffar seg å ha det travelt.

-Det er fine hus på Finnøy, det skal dei ha. Me var bortom Utsyn for å sjå kor vennene mine var på leir, og me var også innom eit butikk og kjøpte «syrekaker», seier ho.

Syrekaker, på Finnøy?

Det høyrest jo skummelt ut, sel dei «syrekaker» på Finnøy? I Amsterdam ja, men ikkje på Finnøy. Nei, det må ha vore gongkaker, og ho og veninna var sikkert innom Kaihuset, rettar me.

-Ja, sikkert, dessutan var me på Innbyggartorget og kjøpte tomatsuppe. Den glei ned, den var ikkje laga på rennesøytomatar. Men det var ikkje kokken sin feil, understrekar ho, med eit lurt smil om munnen.

Første gong ho var på Finnøy var ho einaste jente på gutelaget til Rennesøy, og var målvakt.

-Ein av finnøyspelarane kom slentrande bort og lurte på om eg var gutt eller jente.

-Jente, sa eg, og han snudde og gjekk tilbake til laget kor han nøgd forkynte: Dei har ei jente i mål!

Det har brent seg fast i minnet hennar, og det var til og med ein finnøybu blant publikum som utbraut «han var goe i mål, han keeperen til Rennesøy».

-Ho er ei jente, sa far min.

-Me tapte 3–2, minnest Maren.

Skikkeleg sinte

Ikkje det minste rart difor at ho pirka borti forholdet mellom Finnøy og Rennesøy i artikkelen «Pryl på dans».

-Det er nokre av den yngre garden av rennesøybuar som er skikkeleg sinte på finnøybuen, men det har med den tunnell-greia å gjera. For finnøybuen ville at Rennfast skule vera med å betala på Finnfast. Far min støtta det, men det kunne han ikkje alltid seia høgt, seier ho, og trekkjer fram at ho til si store overrasking bare har to venner på Facebook frå Finnøy.

-Det hadde vore artig å laga ein statistikk på dettte, kor mange frå Finnøy som har facebook-venner på Rennesøy og omvendt.

Før, før tunnellbråket, var det mosterøybuen som rennesøybuane var skikkeleg sinte på.

-Ja, seier me, Rennesøy får jo ikkje til å feira 17 mai saman ein gong, trass i at dei har tunnellar og bruer mellom alle øyane?

-Det er heilt merkeleg, men eg trur når kommunen går i gang med å rusta opp Vikevåg og meieriet kan det endra seg. Viss det blir bra, kan det bli ein samlingsplass for heile kommunedelen. Og det treng me. For veit du kva, viss eg reiser til Madla Handelslag treff eg ein mengde rennesøybuar der, seier Maren Bø.

Får ikkje rennesøypizza

-Inntrykket her er at dei heiar meir på kvarandre på Finnøy, og får det til. Ta Tomatfestivalen til dømes, det er litt sårt på Rennesøy. Me har også tomatar, men det er Finnøy som har sett tomatane på dagorden og øya på kartet. Ein eigen tomatfestival er jo bare genialt. Då eg budde i Oslo blei eg fleire gonger konfrontert med om eg var frå Finnøy, noko eg iherdig benekta, slår Maren fast.

-Så vidt eg veit går det heller ikkje an å kjøpa «rennesøypizza» i Vikevåg, for det er ei Finnøy-kvinne som driv Amos Pizza. Og på menyen står det «Finnøy-pizza». Finnøybuen prøver å snika seg inn over alt og hjernevaska oss, seier ho muntert.

-Heldivis har me Øyposten?

-Ja, takk og lov. Øyposten er stas, og ei felles avis for Finnøy og Rennesøy er ikkje dumt, nå når me er i same kommunen. Me hadde avisa «Heimdrag» før, men den er «gone». Mens Finnøy, dei har til og med si eiga avis.

Som nemnt er Maren Bø vaksen opp i Hellandsvegen, som på Rennesøy ofte blei omtalt som «Misjonsvegen», fordi så mange gjekk på bedehuset der.

Heldige Finnøy som har pub

Men i staden for bedehuset blei ho biten av fotballbasillen, og er utdanna idrettspedagog frå Norges Idrettshøgskole i Oslo. Men skrivelysta tok overhand, og nå er ho 50 prosent redaktør i Cappelen Damm og 50 prosent frilansar og har tatt med mann og barn og flytta heim til Rennesøy.

-Det var veldig kjekt å koma heim, eit inkluderande miljø pluss at Rennesøy har mykje å by på. Det kunne vore litt meir kulturaktivitetar her, men Stavanger ligg ikkje så langt unna, seier Maren Bø, som også har noko anna ho misunner Judaberg og Finnøy

-Dei har sin eigen pub. Tenk om me hadde hatt det kor me kunne tatt ei lønningspils med alle dei kjekke folka som jobbar som gründarar her i det gamle kommunehuset. Det ville vore kjekt, seier ho.