Kva kan dei blå og oransje plasttrådane vere? Kanskje nokon av Øyposten sine lesarar veit? Tips oss gjerne! Foto: Silje Talgø Klakegg

Øyvind Ellingsen i Statens vegvesen seier til Øyposten torsdag formiddag at han ikkje trur at dei blå og oransje plasttrådane kjem frå bygginga av tunnelen som går mellom Tau og Stavanger.

– På bildet ser det ikkje ut som dette kjem frå Ryfast-bygginga. Det blei brukt gule nonellslanger på Ryfast, seier han. Nonellslangar kallast også for skyteledningar.

Han veit ikkje kva slags plast det kan vere på stranda i Gardsvågen.

Bilete som syner korleis plasten som stamma frå bygginga av Ryfast ser ut. Foto: Statens vegvesen

Forutan blå og oransje plasttrådar, var det mengder av forbruksplast som emballasje og eingongsservise av plast. Det blei også funne fire daude fuglar på staden.

Ryfylke friluftsråd har reagert sterkt på bileta som blei publisert i Øyposten denne veka.

– Me tek turen inn saman med 60 speidarar for å rydde stranda den 21. april, seier Kersti Kesper, prosjektleiar for natur og miljø i Ryfylke Friluftsråd. Speidarane kjem frå Hinna speidargruppe.

Leiar av speidargruppa, Ragnhild Aspøy, fortel at dei har sett opp to bussar frå byen for å kome til Talgje for å rydde opp.

– Ryfylke Friluftsråd blir tildelt middel slik at de holder kostnad for oss til buss og at vi kjøper inn mat til alle. Så vi håper verkeleg på å få ein kjempefin og meiningsfull dag, seier ho.