Stavanger KrF åtvarar sterkt mot å redusere havbrukskommunane sine inntekter frå Havbruksfondet. Det vil i verste fall gje færre arbeidsplassar og mindre produksjon av mat og fornybar energi. Dette er å vende ryggen til framtida og gode berekraftige løysningar.

Vil få mindre inntekter

Krfs Henrik Halleland.

Inntektssystemutvalet blei oppnemnd 12.mai 2020, og fekk eit bredt mandat til å gjere ei fullstendig gjennomgang av inntektssystemet for kommunane. Utvalet har no lagt fram si anbefaling (NOU 2022:10) kor dei føreslår ny inntektsmodell. Forslaget inneber at kommunar som har fått pengar frå Havbruksfondet vil få mindre inntekter. Diverre er det ikkje utenkjeleg at regjeringa blir freista til å gjere endringar i statsbudsjettet på dette feltet.

Ei utholing av prinsippet

Dette er ei utholing av prinsippet om at kommunane skal få noko igjen for å legge til rette for havbruksverksemd, og vil få store konsekvensar for arbeidsplassar i distrikta. Stavanger kommune er ein av landets største og mest aktive havbrukskommunar som kvart år får 40-50 millionar frå fondet. Stavanger er også ein kommune som har sine distriktmessige utfordingar. Mange av desse er erstatta av havbruksnæringa.

Færre arbeidplassar

Det er viktig å understreke konsekvensane av å røre Havbruksfondet. I verste fall vil det føre til at kommunaneikkje lenger legg areal og infrastruktur til rette for havbruksverksemda og andre naturressursnæringar. Dermed blir det mindre inntekter og færre arbeidsplassar langs kysten. Med dette forslaget vil ikkje regjeringa nå sine ambisiøse mål om auke av sjømateksporten.

Vertskommunane må kompenserast

Stavanger kommune er medlem av NFKK beståande av 75 fjord- og kystkommunar som dekker brorparten av havområdet langs den norske kystlinja frå Nordkapp i nord til Farsund i sør. NFKK har sidan starten i 2009 arbeida for at kommunane skal ha ei rimeleg inntekt basert på det beslag av areal som havbruksnæringen gjer i dei kommunale sjøområda. Havbruksnæringa har sine utfordringar, men då må vi ikkje fjerne dei økonomiske insentiva for å jobbe med berekraftige løysningar. Stavanger KrF sitt syn er at vertskommunane skal kompenserast for tilrettelegging av areal for naturressursnæringane. Fem år med havbruksfondet viser at kommunane i større grad er positive til å legge til rette for vekst innan oppdrett. På same tid har også innbyggarane blitt meir positive, fordi dei ser at kommunen får noko igjen. Som godtjersle for å kunne drive produksjon av sjømat i den kommunale sjøallmenningen, må oppdrettsnæringa bidra i utviklinga av kommunar som er gode å bu og arbeide i. Lokale skatteinntekter frå havbruk, vindkraft, vasskraft og mineralnæringa må ikkje miste sin motiverande kraft gjennom å inngå i kommunane sine inntektssystem.

Må legge til rette for auke

Nå blir det rasla med sablane om å gjere grep i statsbudsjettet som kan redusere kommunanes inntekter frå Havbruksfondet i tråd med utvalets forslag. Vi vil understreke at å bygge sterke havbrukskommunar er avgjerande for ei rekke kystsamfunn,og at det er viktig med samspel mellom næringa og kommunen, og at staten må bruke dei verkemidla dei har for å legge til rette for auke innan havbruk.

Henrik Halleland gruppeleder Stavanger KrF