STAVANGER: Alt same kvelden blei sykkelstativa fjerna. NRK Lokalen laga tidlegare ei sak om at dette var sykkelstativ som ingen kunne bruka, fordi ingen syklar til skulen.

Kommunen plasserte ut sykkelstativ med plass til 48 syklar, men vegane på Sjernarøy er både smale og utan lys. Difor blir elevane stort sett bussa til skulen.

Det var Birger W. Hetland (Sp) som i utvalet for miljø og utbygging tok opp saka, etter at det hadde vore ei nesten-ulukke på staden.

-Det er blitt utruleg smalt og trongt på staden for parkering av bilar, og ei sju år gammal jente var nær ved å bli påkjørt der, sa Hetland mellom anna, og foreslo at sykkelstativa blei fjerna.

Det blei enstemmig vedteke, og sjeldan er eit vedtak blitt fylgd så raskt opp: Dei blei fjerna same kvelden.

Om, eller kor stativa skal bli sett opp igjen, er ei vurdering kommunen skal gjera i samråd med skulen.

God plass til parkering der kor sykkelstativa stod. Foto: Rune Nedrebø