– Nå skal me rydde opp etter løftebrota då Rennesøy og Finnøy blei ein del av Stavanger kommune, seier Tor Bernhard Harestad i Framstegspartiet:

– For fire år sidan blei det lova at me skulle sleppe eigedomsskatt ute i øyane. Slik blei det ikkje. Nå er Frp og samarbeidspartia blitt einige om å fjerne eigedomsskatten heilt for heile kommunen i løpet av perioden som kjem.

Harestad nemner denne saka som den viktigaste grunnen til at han har engasjert seg fire nye år i politikken.

– Me vil gradvis auke botnfrådraget, og eg reknar med det kjem eit godt jafs allereie neste år. Me startar med private bustader, men for både private eigedomar og næringseigedomar skal eigedomsskatten heilt vekk så raskt som mulig og seinast innan fire år, seier Harestad.

Han dreg fram at Stavanger med dette blir den første storbyen i Norge utan eigedomsskatt.

– Me har grunn til å vere stolte, og det er ein stor invitasjon til familiar og næringsliv om å flytte hit og etablere seg i kommunen vår, seier Harestad:

– For oss er det viktig at folk får behalde meir av eigne pengar, og at bustad skal vere ein heim og ikkje eit skatteobjekt. Utgiftene for innbyggjarane har auka drastisk som følgje av stigande rente og dyrare mat, drivstoff og straum. Då gjer me det me kan for at folk skal få behalde meir av eigne pengar.

Det nye politiske fleirtalet i Stavanger kommune består av Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti, Venstre og Pensjonistpartiet. Partia har etter valet 11. september forhandla om posisjonar og politikk. Konstitueringa av det nye kommunestyret skjer måndag 23. oktober.