Snart er matvogna til Cindy tilbake på Judaberg-kaien
Etter vel to månadar med reperasjon er Cindy igjen klar med finnøy-favorittane på Judaberg.
- Oddbjørg Måland
– Det har vore to lange månadar. Kvar gong eg er på Judaberg, kjenner eg det er noko som manglar. Men no er det forhåpentlegvislike før, smiler Cindy Falkeid.
Catering
Så er det likevel ikkje slik at ho ikkje har laga mat på to månadar.
– Nei, eg har hatt ganske mange cateringoppdrag i løpet av tida vogna har vore på reparasjon, så det har vore nok å henga fingrane i.
Ein eksplosjon i eit vindauge førte til lekkasjen som gjorde det uforsvarleg å fortsetta matlaginga. Dermed måtte vogna på verkstad.
– Neste veke skal alt vera i orden, det blir fantastisk. Men før eg er på plass på kaia igjen, skal vogna gjennomgå ein grundig innvendig vask. Kor lang tid det vil ta veit eg ikkje, men det er i alle fall land i sikte no. Det er berre å følgja med på Facebook, fortel Cindy som lovar å halda fram med favorittane, burgar og sandwich.
Mange oppdrag
– Eg kjem i tillegg til å ha ein ny rett når eg no opnar igjen, så det er berre å gleda seg.
Det er snart to år sidan Cindy starta opp med matservering på Judaberg. To år med forskjellige fancy smårettar som har gått rett heim hjå finnøybuen.
Neste helg skal Cindy til byen med vogna. Ho skal laga mat til ein 40 års dag. Og slik er det mykje av framover, bursdagar, festivalar, festar, og til og med konfirmasjon.