Ber folk koma til folkemøtet: - Det er nå det gjeld

Medlem av aksjongruppa mot luftlinjer over Finnøy, Arild Flesjå, oppfordrar folk på det sterkaste til å koma på folkemøtet som NVE arrangerer tysdag 17. januar.

Dei nye traséane for kraftforbindelsen over Finnøy.
Publisert:

FINNØY: -Folk bør møta og seia si meining, det er nå det gjeld, seier Flesjå til Øyposten.

Han seier at engasjementet på Finnøy er stort mot luftlinjer, og at samtlege grunnmeigarar i dei foreslåtte traséane går mot å gi frå seg grunn frivillig til luftspenn.

-Det betyr at det vil bli veldig tidkrevjande å ekspropiera grunn, og tid er ikkje det Lnett har mest av, påpeikar han.

På Fogn er det teikna inn kabel i tillegg til luftspenn.

Varer så lenge det trengst

Folkemøtet i Fleirbrukshallen begynner klokka sju, og varer så lenge det trengst.

-Det har me fått beskjed om, og me er glade for at det blir avsett tid nok til at folk kan få lufta sine meiningar, seier Arild Flesjå.

På folkemøtet vil det mellom anna bli innlegg frå aksjonsgruppa. Kjell Hellle Olsen frå Stavanger Turistforeningen vil snakka om kulturhistoriske landskap i øyane, Hallvard Helgø skal ha innlegg om virkningane for fuglelivet og Eivind Vestbø skal ha innlegg om verdien av uberørt natur for folkehelsa.

Dette er traséane på Rennesøy.

Må seia ifrå

-Her er det kome nye retningslinjer som Lnett må ta hensyn til, seier Flesjå.

-I aksjonsgruppa kjem me til å fokusera på skadevirkningane av luftspenn, og på kva andre muligheter som finst.

-Vil det hjelpa, trur du?

-Me må i alle fall prøva, viss me ikkje seier ifrå, tek ingen hensyn til oss, seier Arild Flesjå.