Svingande rytmer og applaus fekk Finnøy inn i det nye året
Då det siste fargesprakande smellet frå det kommunale fyrverkeriet på Judaberg døydde ut, braut applausen laus på Judaberg-kaien mens tonane frå Abbas «Happy New Year» ljoma over kaien.
FINNØY: Det var ei pefekt nyttårsaftan. Stjerneklart, halvmåne og vindstille. På Hauskjeneset var det folk med lysande faklar, og på fjorden gleid dei strålande kvite fergene forbi som reine bibelske fabelskip.
Båten kor oppskytinga føregjekk, låg bare 100 meter utfor Judaberg-kaien. Det var ingen forstyrrande gatelys, bare mørk desembernatt og blåsvart fjord, noko som gjorde fyrverkeriet endå meir spektakulært.
«Happy New Year» med Abba runga ut over kaien, då båten med fellesfyrverkeriet sette i gang showet.
Blant dei som hadde teke turen til Judaberg-kaien var familien Jacobsen-Undereide.
Flott fyrverkeri
Mamma Iselin Jakobsen syntes det kommunale fyrverkeriet var strålande.
-Kjempeflott, og så slepp med mindre av alt tullefyrverkeriet. Dessutan er det synleg frå øyane rundt. Dette bør kommunen halda fram med, synes ho.
Også sambuar Anders Undereide er begeistra for felles fyrverkeri. Det er han van med frå Tromsø, kor det også er kommunal oppskyting.
På puben «Dickins» var stemninga heilt på topp då Øyposten var innom.
-Kjempegod mat. Kalkun og dronning Maud dessert, skryter Ingolf Harestad.
-Kva er ønske for det nye året?
Etter litt tankeverksemd, kjem det: -Billegare straum!
Kokk på kongeskipet
Også Gunn Hop koste seg på pub’en, og pubvert Stephan Dickinson kan melda om svært godt besøk nyttårsaftan. Det var lukka selskap fram til middagen var vel unnagjort, men då blei dørene åpna.
-Maten var heilt eineståande, og desserten tok heilt kaka. Pub’en er eit stort pluss for Finnøy, seier Gunn Hop begeistra, som nå tek mannen med og flyttar frå Karmøy til Finnøy.
Det er elles kanskje ikkje så rart at maten var god, når kokken på «Dickins» denne kvelden, Anders Skogli, har fortid som kokk på kongeskipet.
I Kulturstova på skulen hadde Finnøy Kristelege Ungdomslag rigga seg til med god middag frå Utsyn, mens mange foreldre dukka opp med dessert. Omlag 50 hadde samla seg i Kulturstova, utkledd som filmstjerne frå ulike filmar som Olsenbanden og Harry Potter.
-Nyttårsfest i Finnøy Kristeleg Ungdomslag har vore ein tradisjon lenge, opplyser Ingveig Reilstad.
På programmet stod leiker, konkurransar og diverse videoar på storskjerm, og stemninga var stor då Øyposten såg innom litt før klokka 23 nyttårtsaftan. Fellesfyrverkeriet betrakta dei frå høyden over Judaberg.