Tunnelvask i Finnfast er ferdig for denne gang

Byggjeleiar i Rogaland Fylkeskommune, Anne Karin Gundersen, melder onsdag ettermiddag at entreprenørane er ferdige med vask av Finnfast.

Ferdig før tida. No skal det vere fritt å køyre gjennom Finnfast.
Publisert:

Det var meldt om manuell dirigering heile veka, men dei blei ferdige med arbeidet to og ein halv dag før tida, melder Gundersen.

Øyposten skreiv i går om kva arbeidet gjekk ut på, og kvifor det må gjerast.

No er dei altså ferdige for denne gang, og tunnelen skal vere opna for normal trafikk.

Publisert: