Finnøy: Her gjer dei potetopptaket til ein familiefest
Hos Peder Bergøy og kona Marianne Landa Bergøy på Hauskje på Finnøy er storfamilien i gang med innhausting av årets potetavling.
- Oddbjørg Måland
FINNØY: Familien på Finnøy får kvart år hjelp av søstrene Brita Aartun og Eldbjørg Handeland.
– Det er ein tradisjon me har hatt i mange år, heilt sidan Peder starta med potet, og det er sikkert 40 år sidan. Det er ein koseleg jobb me gler oss til kvart år, og som er like kjekk kvart år. Me drøser og mimrer og likar å vera saman. Når jobben er gjort sett med oss ned med kaffien, smiler Brita Aartun.
– Og betalinga; det er knallgode poteter heile året, slår Eldbjørg fast, og legg til:
– Desse potetene er mykje betre enn dei du får i butikken, så me er godt nøgde med «dealen.»
Godt potetår
Familien har eit halvt mål med Kerrs pink, Pimpernell og litt tidleg-potet. Kerrs pink er ein av dei eldste potetsortane og mange sin favoritt. Mercedesen blant poteter, meiner mange.
– Ja, dei ser veldig fine ut, eg trur det er eit godt potetår, seier Peder Bergøy til Øyposten.
– Kor lenge utover vinteren har de poteter frå denne åkeren?
– Heilt til neste år, til tidlegpotetene kjem rundt St. Hans. Me har god plass å oppbevara dei. Potetbingen står nede i fjøset, der er det gode overvintringsforhold, frostfritt, mørkt og tørt, opplyser kona Marianne.
Sjølv om Finnøy er ein typisk primærnæringsregion, er det få som dyrkar potet, eller grønsaker generelt.
– Kvifor er det slik?
– Sei det, det er mykje arbeid, og ganske tidkrevjande. Det er viktig å halda ugraset vekke, og helst skal det gjerast utan bruk av sprøytemiddel. Dessutan er det viktig å driva vekstskifte. Det bør vera tre eller fire potetfrie år mellom kvar gong potetene blir dyrka på same jordlappen. Godt vekstskifte er nødvendig for å unngå tørròte og andre potetsjukdommar. Neste år kan me nok ikkje ha poteter her, seier Peder Bergøy.
Når dei ikkje dyrkar poteter i denne åkeren, blir det sådd i gras.
«In» å dyrka sin eigen mat
– Under pandemien var det mange som fekk augene opp for å dyrka sin eigen mat. Trenden ser ut til å vera at kortreist og berekraftig mat er skikkeleg «in» i tida, sjølv om det helst er til eige bruk. Sjølv har me alltid dyrka forskjellige grønsaker her på garden, fortel Marianne.
Ifølgje ein artikkel i Nationen har sal av frø til spiselege planter auka med heile 51 prosent dei siste to åra. Samtidig har salet av settepotet og settelauk auka med 16 prosent.