Frå 1. januar er det ein ny kvardag for dei fleste buss- og minibussjåførar her i landet. Då må dei nemleg blåse i eit alkometer kvar gong dei kjem på jobb.

– Me fekk installert dette i alle bussane våre i haust. Alkolås gir god sikkerheit for alle, så det er berre bra at me får det, seier køyreleiar Ole Henry Asheim i Rørheims Bilruter.

Busselskapet på Finnøy køyrer blant anna skulebussane i Finnøy kommunedel og i Kvitsøy kommune.

Frå 2019 har det vore krav om alkolås i alle nye norskregistrerte bussar og minibussar. Frå 1. januar 2024 gjeld kravet òg eldre køyretøy.

– Eg har ikkje høyrt mykje om rusa bussjåførar, men uansett gir dette auka tryggleik, seier Asheim.

I kvar buss er det fastmontert eit alkometer. Kvar sjåfør har med seg sitt eige munnstykke som dei set på alkometeret og bles for å få starte. Er det spor av alkohol i pusten, vil ikkje bussen starte.

– Eg har høyrt historier om at alkolåsen er så fintfølande at den kan slå ut på biola og gjærbakst, men me har ikkje hatt noko trøbbel så langt, seier Asheim.

Bussjåførar følgjer strenge reglar. Om ein buss er involvert i ei ulykke, pliktar sjåføren å halde seg unna alkohol i minst åtte timar etter hendinga, av omsyn til eventuell etterforsking.

Påbodet om alkolås gjeld ikkje taxiar.