Det kan sendast inn maks to søknadar per husstand, og ein person kan berre sende inn ein søknad.

Det er sett av 2 millionar kroner til denne støtteordninga. Hvis kommunen får inn fleire søknader enn det er sett av midlar til, blir støtta avgjort ved loddtrekking.

Desse reglane gjeld:

  • Støtten gjeld for de som har bestilt eller kjøpt ein elsykkel etter lanseringsdato den 12. april, og som har søkt og fått tilsegn om støtte.

  • Husk å ta vare på kvitteringa ved kjøp av elsykkel. Denne må innehalde ditt namn, type og namn på sykkel, og pris. Kvitteringa trengjer du viss du får tilsegn om støtte til kjøp av elsykkel.

  • Du kan kjøpe ein ny eller ein brukt elsykkel frå registrert forhandlar eller butikk. Altså ikkje frå ein privatperson.

  • Den som får støtte, må beholde elsykkelen i minst tre år.

Du kan få støtte på inntil 30 prosent av kjøpesummen, men maks 5000 kroner. Du må også vere busett i Stavanger kommune og ikkje ha fått støtte frå kommunen til elsykkel tidlegare.

Det er ein eigen ordning for støtte til el-lastesyklar. Same person kan ikkje søke i begge ordningane.

Du kan få støtte på inntil 25.000 kroner, men ikkje meir enn 50 prosent av kjøpesummen. Bedriftar kan også søke om støtte til el-lastesykkel.

El-lastesyklane er rekna til transport av barn, men kan også nyttast til transport av varer.

Meir om ordningane finn du på Stavanger kommune sine nettsider.