Desse tre vaktar branntomta torsdag formiddag; f.v. utrykkingsleiar Svend Reilstad, Reimar Landa og Trygve Spanne i brannvesenet på Finnøy. Foto: Sigbjørn Høidalen

Politiet og helsepersonell har reist frå staden, og berre oske ligg att etter huset. Det ryker framleis frå tomta, og brannvesenet blir på staden framover.

– Me har kontroll, men blir her nokre timar for å følgje med, seier utrykkingsleiar Svend Reilstad i brannvesenet på Finnøy til Øyposten torsdag litt før klokka 10.

– Me har på vatn med jamne mellomrom, og då blir det kraftig røyk, legg han til.

Brannvesenet fekk melding om brannen klokka 06.17 og var på staden ved Landasjøen få minuttar seinare.

Politikontakt Svend Erik Ellingsen fortel til Øyposten at det rutinemessig er oppretta sak på forholdet, men at han på noverande tidspunkt ikkje kan gi ut meir informasjon om kva som skjer vidare i høve etterforskinga.

Han fortel også at han ikkje har informasjon om helsetilstanden til dei to som blei frakta til sjukehuset.

Brannskade på ein bil og vinduet til ein garasje rett ved brannstaden. Foto: Sigbjørn Høidalen

Kart som viser brannstaden: