Varslar liten storm i kasta, neste veke blir det kjøligare
Det er ikkje utsikt til noko brått omslag i vêret. Meteorolgisk institutt har sendt ut gult farevarsel om svindkast opptil liten storm styrke frå søraust onsdag.
FINNØY: I morgon ettermiddag kan vinden koma opp i 24 meter i sekundet i kasta, noko som tilsvarer liten storm. Men vinden skal roa seg torsdag, og endå meir på fredag.
Neste veke kan temp’en bli 5–6 grader, noko som rimer betre med årstida me er inne i. Ifølge statsmeteorolog Ingrid Bentsen ved Værvarslinga på Vestlandet blir det fortsatt vind, skiftande skydekke og lite nedbør.