Det fortel leiar på biblioteket på Finnøy, Merete Meling Kindingstad.

– Me tenke det ville vera ein god idé. Det er sikkert mange som planlegg turar i vinterferien uansett, og då er jo dagsturhytta eit godt turmål. Her får ein både fine naturopplevingar, spennande lesing, mykje frisk luft og ein flott stad å eta nistepakka saman med andre. Det er andre dagstyurhytter i området som gjer det same i vinterferien, smiler Kindingstad, som lovar ho skal ha med seg mange kjekke bøker i sekken.

Lesestunda passar best for born i alderen 4 – 8 år.

Det er anledning til å melda seg på via Sølvberget, dette skjer.

– Men det går og an å bli med om ein ikkje har meldt seg på. Me treffas på dagsturhytta torsdag 2. mars klokka 1200, så sant vêret ikkje er altfor gale, seier Meling Kindingstad.