FOGN: Nordsletten skal fortelja om sine femti år som utanrikstenestemann og diplomat, og særleg koma inn på krigen i Ukraina og kva den vil ha å seia for Europa og Norge si framtid.

Det er Svein Østhus i samarbeid med Ingvars Reiser som står bak arrangementet, og overskotet frå Ukraina-kvelden går uavkorta til hjelpearbeidet i det krigsherja landet.

-Det blir full middag, og kona min, Sølvi vil laga sitronfromasj til dessert, opplyser Svein Østhus.

Opplegget blir nokonlunde det same som då Jone Laugaland fortalde om sjarmøren og skapsprengaren Kåre Palmer Holm tidlegare i vinter. Det blir middag i halv fem tida, noko som passar bra med ferja frå Judaberg klokka fire. Men det er også mulig å ta halv seks-ferja, sløyfa middagen og koma rett til underhaldninga og foredraget.

-Med seg har Nordsletten musikkgruppa Holmgard, som skal spela ukrainske og russiske melodiar. Den består av Reidar Kydland, Inge Særheim, Tom Hetland, Inge Kristian Sunde, Øystein Ro, Marianne Nordin, kjent frå demenskoret og Dag Kjosavik, opplyser Østhus vidare.

Ingvars Reiser kjem med ein fullasta buss, men det er også varsla besøk frå Finnøy, Talgje og andre øyar, og jamvel også frå Jæren.

-Det er flott at me kan bruka kyrkja på Fogn til ulike formål, slår Svein Østhus fast.

Øyvind Nordsletten er jærbu, og blei i 1992 utnemnd til Norge sin første ambassadør i Kyiv, eit tenesteopphald som varte i fire år. I 2000 blei han ambassadør i Russland, ein jobb han hadde i nesten ni år. Nå er han pensjonist, og busett på Hognestad i Time. Han er dessutan far til Bothild Nordsletten, som er redaktør i landbrukstidsskriftet Bondevennen.