Tor Bernhard Harestad får tredjeplass på Frp-lista

Tor Bernhard Harestad frå Bru får tredjeplass på Frp-lista til kommunevalet i Stavanger. Lista er prega av navn frå gamle Stavanger kommune. Bare åtte av 73 nominerte er frå Finnøy eller Rennesøy, og dei står langt nede på lista

Tor Bernhard Harestad får tredjeplassen på Frp-lista.
Publisert:

STAVANGER: Toppkandidat blir Leif Arne Moi Nilsen, med advokat Kristoffer Sivertsen frå Hinna på andreplass.

-Eg er fornøyd med trejdeplassen, det er ein sikker plass, seier Harestad til Øyposten, som er optimist med tanke på valet i haust.

-Eg vil gjerne ha ein plass i det me før kalla bygningsrådet eller planutvalet, det gir eg meg ikkje på, slår han fast.

Dei fem øverste navna på lista er kumulert, og i tillegg til dei før nemnde gjeld det Grete Marie Kvalheim frå Storhaug på fjerdeplass og Kristin Lode på femteplass.

Først på 25. plass er det ein øybu til, nemleg Jørn Kyle Finnesand frå Rennesøy. Magne Helland er på 30. plass, også han frå Rennesøy, Markus Egil Nerland frå Finnøy står på 51. plass, Lars Nordhus frå Rennesøy på 52. plass og ekteparet June og Ole Johan Naaden på 53. og 54. plass. Randi Westersjø-Rørheim står på 71. plass.

Toir Bernhard Harestad vedgår at det skulle vore fleire frå øyane lenger oppe på lista.

-Men det er frykteleg vanskeleg å få folk til å stilla, legg han til.

Harestad kastar loss om halvanna veke og set kursen for Lofoten for å vera med på fisket der. Mannskapet blir dei same som i fjor, inklusiv pensjonert byrettsdommar Helge Bjørnestad.