Kommunen lovar at brukarane skal involverast i utbygginga i Vikevåg
Brukarane av Meieriet og nybygget på kaien i Vikevåg skal involverast tett i den vidare planlegging og utforming av bygga. Det vedtok formannskapet etter forslag frå varaordførar Dagny Sunnanå Hausken.
STAVANGER: Formannskapet i Stavanger vedtok torsdag alternativ D for sentrumsutvikling i Vikevåg.
Prislappen er på nærare 170 millionar kroner, og for dei pengane skal Meieriet renoverast, kaien skal hevast, kaihuset kor Gjenbruken held til skal rivast og på tomta til kaihuset skal det koma eit nybygg på 1400 kvadratmeter.
Opposisjonspartia Krf, Høyre, Frp og Venstre fremja forslaget frå kommunedelsutvalet, men det fekk ikkje fleirtal.
Rehabilitering av Meieriet
Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken var glad for at sentrumsutviklinga i Vikevåg nå omsider er i mål, og håpar at rehabiliteringa av Meieriet skal kunna begynna ganske kjapt.
-At biblioteket nå skal flytta ned på bakkeplan har vore eit stort ønske frå folk i Rennesøy lenge, sa Sunnanå Hausken mellom anna.
Ho håpa også at dei ni gründerbedriftene som held til i det gamle kommunehuset også får plass i Vikevåg sentrum.
Rune Askeland (mdg) sette fyr i debatten då han viste til at kommunen tar på seg veldig store spanderbukser for 1000 innbyggjarar i Vikevåg.
-Viss ei tilsvarande utbygging skulle skjedd på Eiganes Våland kommunedel, ville det kosta fire milliardar mål i forhold til folketalet, meinte han.
Vond haldning
Dette provoserte både Dagny Sunnanå Hausken, Leif Arne Moi Nilsen og Elin Schanche.
Dagny Sunnanå Hausken kalla det ei «vond haldning» til utbygginga i Vikevåg, og hevda at det aldri ville blitt bygd noko på øyane viss Askeland sin tankegang blei lagt til grunn.
Men Rune Askeland forsvara seg med at kommunen her er på det «aller, aller rausaste», at utbygginga ville bli fantastisk god, og at avtalen med Rennesøy er «overoppfyllt».
-.Eg trur innbyggjarane i Vikevåg vil setta pris på det vedtaket som er gjort, sa han mellom anna.