Ny Rødne-kontrakt: -Ei god veke for Sjernarøyane

Rødne-rederiet har sikra seg to kontraktar denne veka. Rederiet skal driva ferja til Vassøy, og i tillegg har selskapet fått forlenga ein kontrakt i Vestland fylke.

Rødne-rederiet er innstilt til fortsatt drift av Vassøy-ferja.
Publisert: Publisert:

SJERNARØY: -Det har vore ei god veke for Sjernarøyane, seier dagleg leiar Lars André Rødne i Rødne-rederiet til Øyposten.

Selskapet har fått signaler frå Kolumbus at dei er innstilt til kontrakten for drift av ferja til Vassøy. Kontrakten har ein verdi på 30 millionar kroner i året, og gjeld frå 1. januar 2024.

-Det er ein treårs kontrakt, men med mulighet til å forlenga kontrakten i ytterlegare to år. Det sikrar åtte av våre tilsette arbeid, opplyser Rødne.

Rødne driv også i dag ferja til Vassøy, og denne skal byggjast om frå diesel til elektrisk drift. Prislappen på det er vel 30 millionar kroner, som rederiet skal kosta.

I tillegg har selskapet også fått forlenga kontrakten på drift av skule-, pendlar- og turistrute frå Bergen til Rosendal og skuleruta til Tysnes. Kontrakten er forlenga med fire år og vil også sikra jobbane til ansatte på desse rutene. Avtalen er med Kolumbus sitt systerselskap i Vestland, Skyss. Rødne har hatt denne ruta i ni år.

-Ei god veke for Sjernarøyane, seier Lars André Rødne.