Fryktar følgjene av skotpremie på mink: – Eg har mista to rasekattar på eitt døgn
Opptrappinga til den store minkjakta på øyane har allereie fått fatale følgjer for to kjæledyr.
Stavanger kommune har signalisert at det snart blir 1000 kroner i skotpremie for kvar mink fanga på Rennesøy og Finnøy. Øyvind Haugvaldstad på Mosterøy har fått kjenne negative konsekvensar.
– For to dagar sidan var det ein som sette opp minkfeller nede ved sjøen på kvar side av Askjesundbrua. No har eg mista to rasekattar på eitt døgn, seier Haugvaldstad, som bur rett ved staden og der han driver Pizzakroken.
Fellene var godkjent for minkfangst, men var sett opp feil. No vil Haugvaldstad åtvare andre.
Dyrebare dyr
– Den eine katten min var ein reinrasa maine coon. Den andre var ein litt mindre maine coon, for å sei det sånn. Måten dei døde på er så grotesk som det kan bli, fortel Haugvaldstad.
Inngangsholet til ei godkjent minkfella er for lite for ein katt. Problemet ved Askjesundbrua var at kattar kom til ved opninga for slagarmane på kvar side i bakkant av fellene.
– Dei har fått poten inn i opninga slik at fella har klappa saman. Så har dei fore på sjøen med fella og drukna, seier Haugvaldstad.
Han kjenner fangstmannen og har fått tilbod om erstatning. Men alt kan ikkje erstattast.
Jegerens ansvar
Haugvaldstad har forhøyrt seg med ein nettbutikk som forhandlar tilsvarande feller, «Bakkefelle for mink». Han har fått som svar at fellene er i henhold til norske reglar, men at den som brukar fellene pliktar å sjå til at dei er tildekka, merka og plassert slik at utilsikta skader ikkje kan skje.
I skrivande stund er skotpremien for mink 100 kroner. I juni er det venta at kommunestyret i Stavanger vil auke premien til 1000 kroner for Rennesøy og Finnøy, i tråd med vedtak gjort i februar av utval for miljø og utbygging.
– Fleire har frykta at kattar og hundar kan gå i minkfeller, og no har det altså skjedd, seier naturforvaltar Vegard Ankarstrand i Stavanger kommune:
– Dette kan dessverre bli konsekvensen om mange ukunnige folk skal prøve seg på minkfangst. Når fellene er sett opp på rett måte, skal dyr ikkje kome til frå sidene inn til slagmekanismen.
Ankarstrand fortel at Stavanger kommune har 27 verneområde, langt dei fleste på Rennesøy og Finnøy. Kommunen har leigd inn ein profesjonell fangstmann til å fange mink i dei mest sårbare områda, men dette har altså ikkje vore nok.
Mink blir sett på som ein framand art i norsk natur som trugar fugleliv og naturleg fauna.
Tenkte vilkår
Når kommunestyret venteleg løyver pengar til den store minkjakta om ikkje lenge, har kommunen sett følgjande vilkår for dei som skal delta:
- Du må vere busett i Stavanger kommune.
- Du må registrere deg som jeger hos kommunen før jakta startar.
- Minken må vere felt i Finnøy eller Rennesøy kommunedelar.
- Du må leggje ved kopi av godkjent jegeravgift.
- Skotpremien gjeld berre mink skoten etter sett dato. Datoen kjem når alle detaljar er på plass.
- Felt mink skal registrerast med dato, stad, gards- og bruksnummer og med underskrift av grunneigar.
- All mink skal leverast til innbyggjarservice på Judaberg.