Stavanger Aftenblad har kartlagt drivstoffprisane på Jæren og Nord-Jæren gjennom å hente tal frå Drivstoffappen. Appen fungerer slik at brukarane, det vil seie vanlege folk, rapporterer inn gjeldande prisar.

Dei aller fleste stasjonane har blitt rapportert inn minst ein gong om dagen, og Aftenbladet meiner dette gir eit godt nok grunnlag til å laga ein oversikt over gjennomsnittlege drivstoffprisar i 2023.

I Finnøy og Rennesøy er det seks stasjonar. Av desse er det den litt bortgøymte stasjonen på Reilstad kai som kjem best ut.

Tabell som viser snittpris i kroner per liter for diesel og blyfri 95-bensin i 2023. Stasjonane er sortert etter bensinprisen (Kjelde: Stavanger Aftenblad):

DieselBlyrfri 95
Knapphus Energi Reilstad19,4819,87
Tanken Østhusvik19,9920,50
Best Finnøy20,6821,67
Shell Express Rennesøy21,1421,97
Helgøysund21,97
Joker Eriksholmen22,51
Kart som viser drivstoffstasjonane i Finnøy og Rennesøy kommunedelar. Foto: Stavanger Aftenblad

– Me held det jamt. Me har ikkje jojo-prisar, som mange andre, seier innehavar Olav Reilstad.

Han driv stasjonen på Reilstad-kaien og får drivstoffet frå Knapphus Energi.

– Eg er fri kremmar, så eg kan i prinsippet kjøpe forsyningar frå kven eg vil, seier Reilstad.

Utrangerte drivstoffpumper på Reilstad. Foto: Sigbjørn Høidalen

Ein bonus du får med deg på Reilstad er ei utstilling av gamle pumper.

Andre stader er det sikkert mulig å gjera større røvarkjøp enn på Reilstad, viss du treff bølgedalane. Men då risikerer du òg det motsette.

For dei større stasjonane er tommelfingerregelen at det går tre dagar mellom kvart prisløft, og at det er mykje å spara på å fylla rett før desse løfta, ifølgje Aftenbladet.