Kvifor er alle barnehagar grå? – Dei burde vore fulle av fargar

Ein innbyggjar reagerer på at offentlege bygg i Stavanger kommune er så grå og triste.

Morten Fløysvik frå Stavanger jobbar med eigedomsutvikling og har tidlegare budd mange år i Vikevåg.
Publisert:

– Særleg barnehagar og skular burde vore fulle av fargar, seier Morten Fløysvik.

Han kom innom Øyposten sin stand under Rennesøydagen nyleg:

– Eg meiner at fargen på eit bygg bør stå i forhold til innhaldet. Ein barnehage er eit viktig bygg som burde ha glade fargar som ønskjer barna velkomen.

Fasaden til Rennesøy barnehage.

– I dag kan det sjå ut som at barnehagane i Stavanger er laga for å ta imot grå mus, legg Fløysvik til.

Tanken bak

Øyposten har spurd byarkitekt Tor Jørgen Stray Zahl Pettersen i Stavanger kommune om saka.

– Eg har inga god forklaring på dette anna enn mote, skriv han i eit svar.

Han skriv vidare at byarkitekten ikkje styrer fargeval i reguleringsplanar som dei utviklar. Han sender oss vidare til seksjonssjef Bjørn Kåre Ellingsen i seksjon byggeprosjekter.

Fasaden til Vikevåg skule.

Ellingsen seier dette:

– Seksjon byggeprosjekter er berre ei utførande avdeling. Me styrer ikkje fargeval. Du kan kanskje spørje byarkitekten.

Byarkitekt Pettersen legg ved ein relativt ny vegleiar om fargar og kontrastar i skulebygg laga med tanke for heile landet. Her finn me relevant informasjon.

Ro kontra rot

Under avsnittet «Rotete fargepalletter» står dette:

«Bruk av primærfarger med høy intensitet er noe vi ofte forbinder med barnehager og er basert på en allmenn misforståelse om at yngre elever trives med mange og sterke farger.»

Vegleiaren leverer rett og slett eit forsvar for det litt grå og kjedelege:

«Yngre mennesker har veldig skjerpede sanser og er i utgangspunktet allerede overstimulert store deler av hverdagen. Derfor er rolige og behagelige fargepaletter med variasjon fra rom til rom ekstra viktig for elever i skolehverdagen.»

Vegleiaren fortel at hjernen til yngre menneske må få høve til å slappe av:

«Fargene skaper uro og er overstimulerende. Visuelt rot med primærfarger i konkurranse med hverandre skaper dårlige læringsmiljø.»

Alt grått er altså ikkje trist. Det er ei trøyst for nokon kvar.

Publisert: