Elevar dyrka solsikker: – Tenk om me hadde hatt ein skulehage

Elevar på Finnøy skule har i sommar hatt ansvar for kvar si solsikke.

Solsikke dyrka fram av ein elev i tredje klasse på Finnøy skule.
Publisert:

I vår sådde elevane i dåverande andreklasse på Finnøy skule ut solsikkefrø i potter av mjølkekartongar. Sidan fekk elevane med pottene heim og har i sommar hatt ansvaret for å drive fram kvar si plante.

Fredag 8. september var dagen komen for å vise fram korleis det gjekk.

– Elevane hadde med flotte bilder av solsikkene, fortel Oddrun Kristin Alstveit i Finnøy hagelag.

Hagelaget har vore pådrivar for prosjektet og har undervist i hagestellets finessar i drivhuset ved gamle Rygjabø skule.

– Nokre solsikker var høge, nokre korte og kraftig, medan nokre hadde fleire blomar på kvar stengel. Ein del elevar hadde erfart at sjølv om dei stella solsikka, så visna den etter å ha vokse seg langt oppetter veggen, seier Alstveit.

Solsikke er nasjonalblomen til Ukraina, og av blomane blir det laga solsikkeolje.

– Elevane sa at det gjerne vil vere med på eit liknande prosjekt neste år, seier Alstveit:

– Nokre av forslaga som kom var at me neste år kan dyrke poteter, gulrøter, eple eller salat. Tenk om me kunne hatt ein skulehage, blei det sagt.

Ein elev skriv dette om erfaringane:

«Jeg syns det har vært 50 % fint og 50 % stress. En gang var selve blomsten til solsikken vår så tung at pappa måtte rette den opp.»

Før elevane gjekk tilbake til klasseromet, fekk dei kvar sin is av hagelaget.

Publisert: