Her blei det seld mange bustader i august – sjå siste eigedomshandlar i øyane

Eit nytt bustadfelt i Vikevåg fekk opp talet på eigedomshandlar i august.

I Vikebekken er nokre bustader akkurat ferdige mens andre er under oppføring.
Publisert: Publisert:

I bustadfeltet Vikebekken, ved innkøyringa til Vikevåg, er det tinglyst kring ti eigedomshandlar den siste månaden.

* Sjå interaktivt kart nederst i saka

Til saman skal det byggjast 26 bustader på feltet, der noko nyleg er ferdig og noko snart skal startast på. Ute for sal på Finn.no ligg både leilegheiter, rekkehus og ein tomannsbustad i Vikebekken.

– Salet av nye bustader i Rennesøy går ganske jamt, seier meklar Cecilie Grimsrud i Eiendomsmegler Vest:

– Dei som kjøper er gjerne folk som har ein tilknyting til staden gjennom jobb eller familie.

Bustadene som blei seld i august i bustadfeltet har ein pris på mellom 2,2 og 4,4 millionar kroner.

Elles noterer me at det i august blei seld ein fritidsbustad for 6 millionar kroner på den så idylliske Vestsida på Nord-Hidle.

Kart som viser Vestsida:

I kartet under kan du sjå alle eigedomshandlar på Ryfylkeøyane det siste året. Ved å velje filterikonet i menyen til venstre kan du avgrense søket til å gjelde berre august i år:

Publisert: