«Restauration» til New York i 2025: - Dette er stor stas

Det blir USA-tur på skuta «Restauration». Nøyaktig 200 år etter at den opprinnelege sjaluppen la ut frå havna i Stavanger, er planen å kasta loss på ny 4. juli 2025 og setja kursen for New York.

-Det er stor stas, seier Jørn Flesjå, som har bygd «Restauration» om turen til USA. Han og kona Randi var invitert til seansen ved Oljemuseet i Stavanger torsdag.
Publisert:

STAVANGER: Venneforeninga til «Restauration» presenterte nyheten i havna i Stavanger torsdag, i forbindelse med førpremieren på Erik Poppes film «Utvandrerne» på kinoen i Stavanger.

Nyheten om den planlagte seilturen blei også kringkasta live over nettet til USA, direkte frå under dekket på «Restauration».

-Andakt kvar morgon og synging av Kingos salmar bør vera obligatorisk på turen, meiner Aslak Bråtevit.

«Restauration» er bygd av Ryfylke Trebåtbyggeri på Finnøy, og sjøsett i 2010. Jørn Flesjå, som bygde båten, og kona Randi var også blant dei inviterte på kaien i Stavanger torsdag.

-Det er stor stas, det er heilt klart, seier Flesjå til Øyposten.

-Kjem du til bli med på turen?

-Det spørs om eg får lov av kona, smiler Jørn. Kona Randi seier at han får lov av henne, viss han vil.

Men, etter å ha summa seg litt, seier Flesjå:

-Eg er nok først og fremst båtbyggjar, og mindre sjømann, slår han fast.

-Korleis trur du skuta vil klara seg over Atlanteren?

-Det trur eg vil gå heilt fint, seier Jørn Flesjå, som også trur at det kan bli rift om plassane ombord.

Kingo-salmar og andakt

Halvor Håvarstein kringkasta nyheten «live» til Amerika med tre tidlegare fylkesmenn til stades. F.v. Lone Merethe Solheim, Magnhild Meltveit Kleppa og Tora Aasland.

Blant dei mange som var med på seansen i Stavanger var Aslak Bråtveit frå Finnøy. Han er også medlem av venneforeninga til Restauration, og legg ikkje skjul på at han har lyst til å bli med på turen.

-Men det kjem an på om det blir plass, seier han, og legg spøkefullt til at det det bør vera andakt kvar morgon under turen og synging av salmar frå Kingos salmebok.

-Det vil gjera turen mykje meir autentisk, meiner den tidlegare distriktslækjaren på Finnøy.

Bråtveit er ein erfaren seilar, og meiner at turen vil gå bra.

-Men kursen bør leggjast langt sør, for skuta er ikkje akkurat nokon stor havseilar, seier han.

Skuta skal røynast før turen

Både eigaren av «Restauration», Cato Østerhus, og Halvor Håvarstein (t.v.) planlegg å bli med på turen til USA om tre år.

Eigaren sjølv, Cato Østerhus vil også bli med på turen. Det stadfestar han overfor Øyposten.

-Nå skal skuta først røynast i ruskevêr, for å sjå kva ho toler, seier han, og antyder turar både til Shetland og Skottland.

Men det er mykje som må på plass før skuta kan kasta loss frå Stavanger 4. juli 2025, same dato og same stad som den originale «Restauration» la frå kai for snart 200 år sidan.

-Alle sponsorar er hjarteleg velkomne, legg Østerhus til.

Ved avgang frå Stavanger vil det vera 52 personar ombord, akkurat som i 1825. Men den turen går bare til Dusavika. Deretter blir det eit mannskap på 18, og mulighet til å vera med på deler av turen. I første omgang vil medlemmene av venneforeninga få tilbud om å bli med som mannskap. Ruta skal vera den same som «Restauration» tok i 1825.

For å æra dei som drog

Halvor Håvarstein frå Vestre-Åmøy var den som kringkasta nyheten om seilasen «live» til Amerika torsdag ettermiddag. Det gjorde han på feilfritt «Tasta-engelsk», og med tre tidlegare fylkesmenn og den kvinnelege hovudrolleinnehavaren i filmen «Utvandrerne», Lisa Carlehed til stades.

-Eg vil bli med, på heile turen. Det er det som har vore «draiven» min heile tida, seier Håvarstein til Øyposten.

-Korleis blir det å seila inn på havna i New York i oktober 2025, trur du?

-Eg trur det kjem til å bli stort, mykje større der enn her. Hugs på at det skal vera fleire av norsk avstamming i USA enn det er innbyggjarar i Norge, seier Håvarstein.

Håvarstein hadde også ordet i ein fullsett kinosal på førpremieren av filmen «Utvandrerne» på Sølvberget i Stavanger, same ettermiddagen.

-Amerikanarane omtalar dette som eit jubileum. Men kva er det å jubilera, at 800.000 nordmenn reiste til USA fordi det ikkje var noko framtid for dei heime. Dette gjer me først og fremst for å æra dei som drog, understrekar han.

-