1. Innleiing

Øyposten er ei lokalavis for Finnøy og Rennesøy kommunedelar i Stavanger kommune. Me kjem ut på papir kvar torsdag (48 utgåver i året) og på nett kvar dag.

Den 2. mai tok Sigbjørn Høidalen over som redaktør, utan lokalkunnskap. Den 1. august starta Silje Talgø Klakegg som journalist, utan særleg erfaring frå avisyrket. I løpet av hausten overtok selskapet Ryklame annonsesalet. Dette betyr at i løpet av 2023 så er heile staben skifta ut.

Den 1. oktober overtok Polaris Media som hovudeigar etter Schibsted, og den 13. november fekk Øyposten betalingsløysing på nettet, etter at alt innhald hadde ligge ope i over eitt år.

Sidan månadsskiftet september/oktober har me to dagar i veka (måndagar og torsdagar) hatt kontorplass i gründerkollektivet i etasjen over innbyggartorget i Vikevåg. Silje er der i regelen på måndagar, og eg, Sigbjørn, på torsdagar. Dette har verka særs positivt for å får Rennesøy meir under huda.

Andre halvår har vore prega av god flyt og bratte læringskurver.

2. Faktadelen

Opplag 1. halvår 2023: 1347

Utgivarstad: Judaberg (Finnøy)

Daglege lesarar totalt: Ikkje målt

Daglege lesarar på nett: Ikkje målt

Daglege lesarar på mobil: Ikkje målt

Papirutgåve: Kvar torsdag (48 utgåver i året)

Redaksjonelle årsverk: 2 (redaktør pluss journalist i 100 prosent stillingar)

Antal sider: Anslår 960 sider (20 sider per utgåve i snitt)

Fordeling stoff/annonsar: Anslår 80/20

Antal leiarartiklar: Kring 20

Antal lesarinnlegg på nett: Anslår 100

Antal refuserte lesarinnlegg: Vanskeleg å anslå sidan eg avslår ganske mykje som ikkje har lokal forankring.

Antal gjestekommentarar: Vanskeleg å skilje frå lesarinnlegg. Me har ein som skriv lokalhistoriske innlegg (Haralds hjørne).

Antal kronikkar: Vanskeleg å skilje frå lesarinnlegg

Ansvarleg redaktør: Sigbjørn Høidalen

Sigbjørn Høidalen Foto: Helene Birkeland

3. Mål og prioriteringar

Viktigaste oppgåve er å skape ein øyprofil med mest mulig lokalt innhald som er relevant for både Rennesøy og Finnøy. Me har mål om å vere mest mulig til stades på ting som skjer i lokalmiljøet. Me møter ofte opp for å knyte kontaktar og spørje etter nytt like mykje som for å få ein «klikkvinnar». Samstundes er me avhengige av å dyrke kjeldenettverk på øyane for å få inn stoff utan at me alltid treng å reise ut, sidan reiserutene i øyriket kan vere krevjande.

4. Avisas samfunnsrolle

Me legg ut alle lesarinnlegg ope på nett, for å stimulere til debatt. Me har som mål å undersøke alle innspel om kritikkverdige forhold, og me tek alle tips på alvor. Me legg vekt på at dei som kjem med tips skal oppleve at dei blir teken seriøst, og at dei faktisk blir det.

Det siste halvåret har me hatt mange oppslag og stor debatt om særleg to saker: Saka om gratis ferjer og saka om rehabilitering av Kulturhuset Meieriet. Her har me sett dagsorden.

5. Prisar

6. Journalistfagleg utvikling

Me har daglege møter i redaksjonen der me diskuterer kva me har gjort og kva me skal gjere. I dette ligg fagleg evaluering og teknisk utvikling. Me er ein liten redaksjon, men har ein stor nysgjerrigheit.

Me er i ein klar konkurransesituasjon med Bygdebladet i Rennesøy, som på fleire måtar skjerpar til innsats.

7. Etikk

Me har blitt klaga inn til PFU av ein som var misfornøgd med at me bruka eit bilde av han. Saka er ikkje avgjort. Saka hadde ein nokså uskuldig setting.

Problemstillinga er at me av og til møter folk som seier dei ikkje vil ha bilde av seg, der me må forhandle for å få eit bilde, for på den måten å kunne drive levande formidling. I PFU-saka var personen på veg om bord på ein hurtigbåt, og det blei lita tid til forhandling.

Silje har born i skulen, og me kan ha nokre problemstillingar kring tips ho har fått som forelder.

8. Kjelder

Me har nokre politikarar og skribentar som går ofte igjen. Sidan me ikkje dekker ein heil kommune, er me likevel ikkje råka av bilde av ordføraren-syndromet. Me kan ha ein tendens til å finne kjelder som liknar oss sjølve, og ser då styrken av å vere to nokså ulike i redaksjonen.

Heldt gravøl over tapt fiske: Fritidsfiskarar på Galta samla i sjøhuset i Galtvågen søndag formiddag. Foto: Sigbjørn Høidalen
Vienna Eloise Falkeid (t.v.) og Alea Sandvik prøver å krysse fylkesvegen for å kome over til gang- og sykkelvegen. Det er i periodar mykje trafikk på staden, og då er det vanskeleg å vite kva tid det er trygt å krysse. Foto: Silje Talgø Klakegg
Ståande applaus til Amatøren: Bedehustrubadur Harald Fauskanger freistar å gjenreise moralen med sin versjon av Leonard Cohens Hallelujah. I hop med Bente Dahle Gudmestad går det heller gale. Foto: Sigbjørn Høidalen
Døme på innsendt bilde. Måke forsyner seg av vaffelfatet. Foto: Kari Norheim

Svar på tre spørsmål:

1. Viktigaste oppgåver som redaktør:

  • Skape og legge til rette for å skape mest mulig innhald som er relevant for lesarane.

  • Ha ein tillit som gjer at folk seier ifrå om både det som er skakt og gale og det som er triveleg og greitt.

  • Å vise verda (lokalsamfunnet) som den er utan for mykje slagside i den eine eller andre retning.

2. Sosiale medier:

Me har berre ein politikk om at me kan vere litt meir personleg enn vanleg på Facebook. Elles har ikkje dette aktualisert seg som veldig relevant for oss.

3. Kunstig intelligens:

Me les mykje om det, men enn så lenge har me ikkje opplevd konkrete problemstillingar.